| Biblioteksjef Kathrine Vik og Svanhild Nesse Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Opp om morgonen igjen, denne gongen for å nå Tau-ferja i retning Strand. Samferdslepolitikk er kompromiss - når ferja går til Tau og ikkje Jørpeland er nok det mykje av omsyn til resten av Ryfylke. Når eg kjem til Tau er det berre å hive seg på bussen til Jørpeland, administrasjonssentrum i Strand kommune, den definitivt største kommunen i Ryfylke.
Ryfylkebiblioteket Strand er eit bibliotek som satsar på tilgjenge. I skuleåret er hovudbiblioteket ope 10-18 måndag-fredag og 10-14 laurdag, og filialen på Tau open 20 timar i veka, noko som må vera mellom dei betre opningstidene for eit bibliotek med 4 årsverk og eit gjennomsnittsutlån på 7,2 per ibuar! Tidene er nesten ikkje reduserte om sommaren heller, så dette er verkeleg eit ope bibliotek.


