![]() |
| Frå venstre biblioteksjef Elfried Lunde og Eva Bendiksen Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Etter halvannan time på båten var det avstigning på Sand i Suldal for å vitje Ryfylkebiblioteket Suldal. Suldal er ein svær kommune - arealmessig. På kartet kan ein sjå at kommunen både har øyar og skjer, samstundes som det er store innlandsareal. Og det bur folk overalt, delvis med ganske lang køyretid til kommunesenteret Sand. Dette har òg fått konsekvensar for korleis kommunen tenkjer bibliotek. I tillegg til hovudbiblioteket på kulturhuset har dei 5 filialar som er samlokalisert med skular som kombinasjonsbibliotek. Dermed får brukarane iallfall eit minimum av bibliotektenester. Og med samarbeidet i Ryfylkebiblioteket så får folk det dei måtte ønskje på sitt lokale bibliotek.

