Biblioteksjef Nina Olaussen Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Eg trur ikkje eg tek munnen for full om eg seier at biblioteksjefen i Forsand skal ha mykje av æra for at Ryfylkebiblioteket er vorten realisert. Frå å vera eit reint digitalt prosjekt med fokus på digitale tekstar til distrikta er det vorte noko mykje meir. Det trur eg alle er nøgde med, iallfall når det har vist seg at e-bøkene har vorte det vanskelegaste å få til.