Etter at eg byrja på fylkesbiblioteket har eg ikkje vorte meir morgonfugl enn før! Sidan eg bur midt i Stavanger og fleksitida seier at eg skal vera på jobb kl 9, så er det brutalt å koma seg på Kystbussen som går kl 07.15 frå Byterminalen...
Biblioteksjef Linda Ognøy tok imot meg på ferjekaia på Arsvågen. Det går nemleg ikkje buss til kommunesenteret Føresvik! Ho losa oss trygt gjennom smale vegar til vi kom til
Bokn bibliotek. Bokn bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek, som både fungerer som folkebibliotek for heile kommunen og skulebibliotek for
Bokn skule.
 |
Bokn bibliotek i 1. etasje.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Bokn bibliotek er ein suksess! Biblioteket er mellom dei mest populære i heile Noreg. Med 15,77 utlån per ibuar (Noreg: 5,12) og 10,6 besøk per ibuar (Noreg: 4,4) er det berre Utsira som slår dei i heile landet. Skulen har sjølvsagt ein stor del av æra for dette, men utlånet av bøker for vaksne er òg særs høgt!
Biblioteket har lyse, trivelege lokale, og når kaffikanna står klar så er det ingen tvil om at biblioteket er ein fin møteplass på Bokn.