![]() |
| Biblioteksjef Any T. Heggebø Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Fylkesbiblioteksjef Vidar Lund reiser Rogaland rundt for å sjå kva som rører seg i biblioteka.
19. juni 2012
Vindafjord bibliotek - får mykje ut av lite
Eg held beinhardt på kollektivtransport som framkomstmiddel. Somtid har det vore ei utfordring (å koma seg frå Hauge i Dalane etter kl 16 t.d.), somtid overraskande greitt! Vindafjord er ein kommune som ligg i utkanten av Rogaland, men likevel ganske sentralt sidan E134 går gjennom kommunen. Etter samanslåinga mellom Vindafjord og Ølen har kommunen over 8.000 ibuarar, men framleis berre 1,5 årsverk på biblioteket. Men no skal det bli nytt bygg der òg!
Etikettar:
bygning,
folkebibliotek,
kulturhus,
Vindafjord
Plassering:
Vindafjord bibliotek
Ryfylkebiblioteket Sauda - frå bakgate til sentrum
Det var eit godt val å reise inn til Sauda etter vitjinga i Suldal. Å stå opp kl 08 i staden for 06 er absolutt meir meg... Ryfylkebiblioteket Sauda var neste post på programmet. Som namnet seier: ein del av Ryfylkebiblioteket.
Sauda er ein av dei større kommunane i Rogaland arealmessig, og den nest største i Ryfylke når det gjeld folketal. Likevel er busetjingsstrukturen heilt annleis enn i naboane Suldal og Vindafjord, sidan nesten alle ibuarane bur tettstadene Sauda og Saudasjøen. Dei er igjen så nært kvarandre at dei nesten heng saman. Så der Suldal har lange fråstandar og mange skular har Sauda med sine 1000 fleire ibuarar færre skular og kortare fråstandar.
![]() |
| Biblioteksjef Ingunn Kalvik og Ellen Thompson Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Sauda er ein av dei større kommunane i Rogaland arealmessig, og den nest største i Ryfylke når det gjeld folketal. Likevel er busetjingsstrukturen heilt annleis enn i naboane Suldal og Vindafjord, sidan nesten alle ibuarane bur tettstadene Sauda og Saudasjøen. Dei er igjen så nært kvarandre at dei nesten heng saman. Så der Suldal har lange fråstandar og mange skular har Sauda med sine 1000 fleire ibuarar færre skular og kortare fråstandar.
Etikettar:
bygning,
Ryfylkebiblioteket,
Sauda
Plassering:
Ryfylkebiblioteket Sauda
18. juni 2012
Ryfylkebiblioteket Suldal - for heile kommunen
Etter vitjinga på Finnøy var det berre å setje seg på båten att. Det er verkeleg flott å ta hurtigbåtane innover Ryfylke. Eg var rett nok heldig med vêret, men hadde det vore ruskevêr så hadde det hatt sin sjarm det òg. Trur eg...
Etter halvannan time på båten var det avstigning på Sand i Suldal for å vitje Ryfylkebiblioteket Suldal. Suldal er ein svær kommune - arealmessig. På kartet kan ein sjå at kommunen både har øyar og skjer, samstundes som det er store innlandsareal. Og det bur folk overalt, delvis med ganske lang køyretid til kommunesenteret Sand. Dette har òg fått konsekvensar for korleis kommunen tenkjer bibliotek. I tillegg til hovudbiblioteket på kulturhuset har dei 5 filialar som er samlokalisert med skular som kombinasjonsbibliotek. Dermed får brukarane iallfall eit minimum av bibliotektenester. Og med samarbeidet i Ryfylkebiblioteket så får folk det dei måtte ønskje på sitt lokale bibliotek.
![]() |
| Frå venstre biblioteksjef Elfried Lunde og Eva Bendiksen Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Etter halvannan time på båten var det avstigning på Sand i Suldal for å vitje Ryfylkebiblioteket Suldal. Suldal er ein svær kommune - arealmessig. På kartet kan ein sjå at kommunen både har øyar og skjer, samstundes som det er store innlandsareal. Og det bur folk overalt, delvis med ganske lang køyretid til kommunesenteret Sand. Dette har òg fått konsekvensar for korleis kommunen tenkjer bibliotek. I tillegg til hovudbiblioteket på kulturhuset har dei 5 filialar som er samlokalisert med skular som kombinasjonsbibliotek. Dermed får brukarane iallfall eit minimum av bibliotektenester. Og med samarbeidet i Ryfylkebiblioteket så får folk det dei måtte ønskje på sitt lokale bibliotek.
Etikettar:
filialar,
kulturhus,
Ryfylkebiblioteket,
Suldal
Plassering:
Ryfylkebiblioteket Suldal
Ryfylkebiblioteket Finnøy - lovnad om ei ny framtid
Ein må opp om morgonen om ein skal reise i Rogaland! Kl 07.15 gjekk båten frå Stavanger til Judaberg, sentrum i Finnøy kommune.
Eg kom tidleg måndags morgon - rett føre helga hadde biblioteksjefen fått det stadfesta: Det blir nytt bibliotek på Finnøy! Formannskapet brukte hasteparagrafen og vedtok å kjøpe ein del av eit nytt bygg ved sentralskulen, der mesteparten av kjøpssummen vart finansiert ved å selje bygget biblioteket disponerer i dag.
Eit veldig godt val. I saksutgreiinga skriv rådmannen rett ut at det einaste dei kan få for bygget er tomteverdien. Det seier mykje om standarden på huset. Det er nok god sjans for at det blir rive når den nye eigaren tek over. Eg vart litt imponert då eg såg kva tilhøve biblioteket driv under i dag og kva dei får ut av det. Einaste minuset ved den nye plasseringa er at biblioteket kjem endå lenger vekk frå ferjekaia og dei som kjem med båt til Judaberg.
![]() |
| Biblioteksjef Merete Meling Kindingstad Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Eg kom tidleg måndags morgon - rett føre helga hadde biblioteksjefen fått det stadfesta: Det blir nytt bibliotek på Finnøy! Formannskapet brukte hasteparagrafen og vedtok å kjøpe ein del av eit nytt bygg ved sentralskulen, der mesteparten av kjøpssummen vart finansiert ved å selje bygget biblioteket disponerer i dag.
Eit veldig godt val. I saksutgreiinga skriv rådmannen rett ut at det einaste dei kan få for bygget er tomteverdien. Det seier mykje om standarden på huset. Det er nok god sjans for at det blir rive når den nye eigaren tek over. Eg vart litt imponert då eg såg kva tilhøve biblioteket driv under i dag og kva dei får ut av det. Einaste minuset ved den nye plasseringa er at biblioteket kjem endå lenger vekk frå ferjekaia og dei som kjem med båt til Judaberg.
Etikettar:
Finnøy,
folkebibliotek,
Ryfylkebiblioteket
Plassering:
Ryfylkebiblioteket Finnøy
22. mai 2012
Utsira folkebibliotek - best i Noreg
Etter besøket i Haugesund gjekk turen ut i havet. 1 time og 10 minutt vest for Haugesund ligg Utsira, den minste kommunen både i fylket og landet med sine 213 ibuarar. Eg fekk overnatte i eit lite sjøhus ved Nordvågen og var klar for bibliotekvitjing morgonen etter.
Utsira folkebibliotek er slett ikkje det minste biblioteket i Noreg. Utsira er ein kommune som skil seg ut i nasjonal samanheng på mange måtar. Ein ser dei på toppen av nesten alle positive statistikkar og på botn i dei andre. Når det gjeld bibliotek er dei definitivt på topp. Utsira lånte ut 31,5 eksemplar per ibuar i 2011, av dei var 26,7 bøker og 4,8 andre media. Det villaste er utlånet av barnelitteratur. Per unge 0-13 år vart det lånt ut 111,8 barnebøker! Rett nok fungerer biblioteket som kombinasjonsbibliotek (sjølv om det ligg 50 m unna skulen), men det er ingen andre kombinasjonsbibliotek som er i nærleiken av noko liknande heller.
![]() |
| Biblioteksjef Bjørg Rasmussen. Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Utsira folkebibliotek er slett ikkje det minste biblioteket i Noreg. Utsira er ein kommune som skil seg ut i nasjonal samanheng på mange måtar. Ein ser dei på toppen av nesten alle positive statistikkar og på botn i dei andre. Når det gjeld bibliotek er dei definitivt på topp. Utsira lånte ut 31,5 eksemplar per ibuar i 2011, av dei var 26,7 bøker og 4,8 andre media. Det villaste er utlånet av barnelitteratur. Per unge 0-13 år vart det lånt ut 111,8 barnebøker! Rett nok fungerer biblioteket som kombinasjonsbibliotek (sjølv om det ligg 50 m unna skulen), men det er ingen andre kombinasjonsbibliotek som er i nærleiken av noko liknande heller.
Etikettar:
biblioteksjef,
kombinasjonsbibliotek,
reiser,
skule,
Utsira
Plassering:
Utsira folkebibliotek
21. mai 2012
Haugesund folkebibliotek - ein institusjon i byen
![]() | ||
| Haugesund folkebibliotek. Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Bygget er frå 1967, teikna av David Sandved, ein av dei største arkitektane i Noreg etter krigen. Heile bygget er gjennomkomponert, ikkje berre bokhyllene men og lampar og kontormøblar er teikna av Sandved. I eit slikt bygg blir det alltid utfordringar. Ein skal ta omsyn til estetikken og det fantastiske bygget, samstundes som ein skal drive ei moderne bibliotekteneste.
Etikettar:
barneavdeling,
bygning,
folkebibliotek,
Haugesund
Plassering:
Haugesund folkebibliotek
Karmøy folkebibliotek - for heile kommunen
Endeleg klar for nye vitjingar! To dagar på tur fører meg til Karmøy, Haugesund og Utsira. Fleire kjekke båtturar - den fyrste frå Stavanger til Kopervik og Karmøy folkebibliotek. Dette var same dagen det vart full sommar i Rogaland, så det var ein flott båttur over fjorden!
![]() |
| Frå venstre: biblioteksjef Hanne Mulelid, nestleiar Lillian Rushfeldt, Ellen Dybdahl og Susann Broch Rolfsen Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Karmøy har gode bibliotektradisjonar. Med over 40.000 ibuarar skal biblioteket nå mange brukarar. Difor er dei ein av kommunane som har satsa på godt utbygde filialar. Inntil nyleg hadde dei hovudbibliotek og 5 filialar, no har dei tre filialar (Åkrehamn, Skudeneshavn og Norheim) igjen i tillegg til hovudbiblioteket.
Etikettar:
filialar,
film,
folkebibliotek,
Karmøy,
opningstider
Plassering:
Karmøy folkebibliotek
Abonner på:
Innlegg (Atom)






