15. mars 2012

Klepp bibliotek - stødig og høg kvalitet

Det er vel ikkje akkurat noka bombe: kollektivtrafikken her i området er lagt opp til at folk skal reise til og frå Sandnes og Stavanger. Dvs. at der ein bil ville brukt 24 min. på kortaste måte, brukar bussen nesten ein time, med innlagt bussbyte på Sandnes...
Vis større kart

Men det er bibliotek eg skal skrive om! Klepp bibliotek er mellom dei beste biblioteka i fylket. Med jamt og stabilt høgt utlån på mellom 8 og 9 per ibuar i alle dei år så er dei i eliteklassen, særleg med tanke på at dei ikkje er kombinasjonsbibliotek, og heller ikkje har filialar.


Klepp bibliotek har derimot eit veldig godt samarbeid med skulane og barnehagane, og det er nok noko av løyndomen bak dei gode tala. Ein relativt høg del av utlånet går til skular og barnehagar. Men ikkje for det: dei ligg godt over gjennomsnittet på utlån av litteratur og andre media for vaksne òg!

Vegg med kongroer og flaggermyser i barneavdelinga. Herleg grøss!
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Biblioteket har òg ei fin barneavdeling, med insekt som gjennomgangstema! Ikkje nok med kongroveggen over, men dei har både ein svær augnestikkar i taket og ein seksfota stankelbein ved skranken...


Fire av dei tilsette - frå bak til venstre: bibliotekarane Elisabeth
Kolstø og Maren Nygård. Fremst: bibliotekar Gina Sele og
nytilsett biblioteksjef Gjertrud Slinde.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Som sagt: Klepp er stødige og med høg kvalitet. Dei har vore heldige med ein stabil kjerne av tilsette, noko som gjer at det går rundt trass i at dei har relativt få årsverk samanlikna med naboane. Dette gjer likevel at biblioteket får mindre kapasitet til andre tiltak enn akkurat å låne ut bøker og andre media. Det vil seie at dei prioriterer nokre arrangement for barn gjennom Folkeakademiet, og det blir heller lite retta mot vaksne.


I USA er det populært med bibliotekhundar. Klepp er
pilotkommune for universell utforming - så der er det
bibliotekfiskar!
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Klepp er ein del av Jærbiblioteka-samarbeidet med Sola og Time. Det fører til eit stort trykk på "fjernlån" til og frå dei andre biblioteka. Det går likevel greitt å handtere når dei har den felles transportordninga gjennom fylkesbiblioteket. Klepp er òg interesserte i samarbeid om formidling på nett, og har fått tilskot frå Nasjonalbiblioteket for å jobbe med nye heimesider saman med både Sola, Time og andre som måtte vera interesserte. Det viktigaste er uansett å rydde tid til faktisk å skrive på nett! Det hjelper lite med gode verkty dersom ein ikkje har kapasitet til å følgje opp.

Klepp er òg i diskusjon om gjenbruk av den gamle meieritomta på Kleppe. Kulturhus med nytt bibliotek er eitt av alternativa som har vore framme, men førebels er det ikkje teke noka avgjerd i saka.

1 kommentar:

  1. Innom minst ein gong i veka, og elsker fjernlånmetoden der eg kan sitte heime og bestille bøker og får dei sendt til Klepp:-)

    SvarSlett