22. mai 2012

Utsira folkebibliotek - best i Noreg


Biblioteksjef Bjørg Rasmussen.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Etter besøket i Haugesund gjekk turen ut i havet. 1 time og 10 minutt vest for Haugesund ligg Utsira, den minste kommunen både i fylket og landet med sine 213 ibuarar. Eg fekk overnatte i eit lite sjøhus ved Nordvågen og var klar for bibliotekvitjing morgonen etter.

Utsira folkebibliotek er slett ikkje det minste biblioteket i Noreg. Utsira er ein kommune som skil seg ut i nasjonal samanheng på mange måtar. Ein ser dei på toppen av nesten alle positive statistikkar og på botn i dei andre. Når det gjeld bibliotek er dei definitivt på topp. Utsira lånte ut 31,5 eksemplar per ibuar i 2011, av dei var 26,7 bøker og 4,8 andre media. Det villaste er utlånet av barnelitteratur. Per unge 0-13 år vart det lånt ut 111,8 barnebøker! Rett nok fungerer biblioteket som kombinasjonsbibliotek (sjølv om det ligg 50 m unna skulen), men det er ingen andre kombinasjonsbibliotek som er i nærleiken av noko liknande heller.

21. mai 2012

Haugesund folkebibliotek - ein institusjon i byen

Haugesund folkebibliotek.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune


Frå Karmøy gjekk turen med buss til Haugesund, som har valt ein heilt annan bibliotekmodell enn Karmøy. Der Karmøy har 4 avdelingar medrekna hovudbiblioteket har Haugesund berre eit hovudbibliotek. Og for eit hovudbibliotek! Haugesund må vera ein av dei få byane der biblioteket er verna etter kulturminnelova.

Bygget er frå 1967, teikna av David Sandved, ein av dei største arkitektane i Noreg etter krigen. Heile bygget er gjennomkomponert, ikkje berre bokhyllene men og lampar og kontormøblar er teikna av Sandved. I eit slikt bygg blir det alltid utfordringar. Ein skal ta omsyn til estetikken og det fantastiske bygget, samstundes som ein skal drive ei moderne bibliotekteneste.

Karmøy folkebibliotek - for heile kommunen



Frå venstre: biblioteksjef Hanne Mulelid, nestleiar Lillian Rushfeldt,
Ellen Dybdahl og Susann Broch Rolfsen
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Endeleg klar for nye vitjingar! To dagar på tur fører meg til Karmøy, Haugesund og Utsira. Fleire kjekke båtturar - den fyrste frå Stavanger til Kopervik og Karmøy folkebibliotek. Dette var same dagen det vart full sommar i Rogaland, så det var ein flott båttur over fjorden!

Karmøy har gode bibliotektradisjonar. Med over 40.000 ibuarar skal biblioteket nå mange brukarar. Difor er dei ein av kommunane som har satsa på godt utbygde filialar. Inntil nyleg hadde dei hovudbibliotek og 5 filialar, no har dei tre filialar (Åkrehamn, Skudeneshavn og Norheim) igjen i tillegg til hovudbiblioteket.