21. mai 2012

Haugesund folkebibliotek - ein institusjon i byen

Haugesund folkebibliotek.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune


Frå Karmøy gjekk turen med buss til Haugesund, som har valt ein heilt annan bibliotekmodell enn Karmøy. Der Karmøy har 4 avdelingar medrekna hovudbiblioteket har Haugesund berre eit hovudbibliotek. Og for eit hovudbibliotek! Haugesund må vera ein av dei få byane der biblioteket er verna etter kulturminnelova.

Bygget er frå 1967, teikna av David Sandved, ein av dei største arkitektane i Noreg etter krigen. Heile bygget er gjennomkomponert, ikkje berre bokhyllene men og lampar og kontormøblar er teikna av Sandved. I eit slikt bygg blir det alltid utfordringar. Ein skal ta omsyn til estetikken og det fantastiske bygget, samstundes som ein skal drive ei moderne bibliotekteneste.

Så vidt eg kan sjå klarer biblioteksjef Torill Borge Horneland og den entusiastiske staben på biblioteket det på ein framifrå måte, sjølv om dei må balansere på ein knivsegg i høve til vernet av bygget...

Bilete av deltakarane i leseaksjonen
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Eg trur ikkje eg overdriv om eg seier at barneavdelinga er det pulserande hjarta i Haugesund folkebibliotek. Eg var der på ein heilt vanleg kvardag, men likevel krydde det av ungar og ungdomar som jobba med prosjekt, sat på internett eller sat og las. Når vi ser på utviklinga på utlån i Haugesund er det ingen tvil: det blir satsa på ungane og det syner att på resultata! Mange bibliotek held på med leseaksjonar om sommaren for å hjelpe foreldre og ungar med å halde lesinga varm med den lange skuleferien imellom. I Haugesund har dei leseaksjonen i vårsemestret. Då blir skulane meir engasjerte, og ungane får oppfylging i noko av dei viktigaste dei kan lære på skulen.

Frå musikkavdelinga
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Haugesund er òg eitt av biblioteka som satsar sterkast på lokal- og referansearbeid, med ei heil avdeling vigd til det arbeidet. Det er veldig kjekt å sjå korleis biblioteket prioriterer kunnskapsformidling på ein slik måte. Dei har òg ei flott musikkavdeling med variert utval av både norsk og utanlandsk musikk.

Slik det ser ut for meg har biblioteket to store utfordringar: den eine er sjølve bygget. Det er 45 år i år, og eg må vel seie at det ber litt preg av litt for knappe vedlikehaldsbudsjett i kommunen! Det trengst ei overhaling både her og der både på inn- og utsida.

Frå magasinet. Framtidig lokale for arrangement?
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Den andre gjeld òg sjølve bygget, men går meir på det faglege. Då biblioteket vart bygd var ikkje det store fokuset på biblioteket som møtestad. Dermed er lokala ikkje så godt tilpassa arrangement, iallfall ikkje store ting utover barnetimar og slikt. Det blir spennande å sjå om dei kan klare å finne plass til desse funksjonane, t.d. ved å utnytte plassen i kjellaren betre.
















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar