19. juni 2012

Vindafjord bibliotek - får mykje ut av lite


Biblioteksjef Any T. Heggebø
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Eg held beinhardt på kollektivtransport som framkomstmiddel. Somtid har det vore ei utfordring (å koma seg frå Hauge i Dalane etter kl 16 t.d.), somtid overraskande greitt! Vindafjord er ein kommune som ligg i utkanten av Rogaland, men likevel ganske sentralt sidan E134 går gjennom kommunen. Etter samanslåinga mellom Vindafjord og Ølen har kommunen over 8.000 ibuarar, men framleis berre 1,5 årsverk på biblioteket. Men no skal det bli nytt bygg der òg!

Ryfylkebiblioteket Sauda - frå bakgate til sentrum


Biblioteksjef Ingunn Kalvik og Ellen Thompson
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Det var eit godt val å reise inn til Sauda etter vitjinga i Suldal. Å stå opp kl 08 i staden for 06 er absolutt meir meg... Ryfylkebiblioteket Sauda var neste post på programmet. Som namnet seier: ein del av Ryfylkebiblioteket.

Sauda er ein av dei større kommunane i Rogaland arealmessig, og den nest største i Ryfylke når det gjeld folketal. Likevel er busetjingsstrukturen heilt annleis enn i naboane Suldal og Vindafjord, sidan nesten alle ibuarane bur tettstadene Sauda og Saudasjøen. Dei er igjen så nært kvarandre at dei nesten heng saman. Så der Suldal har lange fråstandar og mange skular har Sauda med sine 1000 fleire ibuarar færre skular og kortare fråstandar.

18. juni 2012

Ryfylkebiblioteket Suldal - for heile kommunen


Frå venstre biblioteksjef Elfried Lunde og Eva Bendiksen
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Etter vitjinga på Finnøy var det berre å setje seg på båten att. Det er verkeleg flott å ta hurtigbåtane innover Ryfylke. Eg var rett nok heldig med vêret, men hadde det vore ruskevêr så hadde det hatt sin sjarm det òg. Trur eg...

Etter halvannan time på båten var det avstigning på Sand i Suldal for å vitje Ryfylkebiblioteket Suldal. Suldal er ein svær kommune - arealmessig. På kartet kan ein sjå at kommunen både har øyar og skjer, samstundes som det er store innlandsareal. Og det bur folk overalt, delvis med ganske lang køyretid til kommunesenteret Sand. Dette har òg fått konsekvensar for korleis kommunen tenkjer bibliotek. I tillegg til hovudbiblioteket på kulturhuset har dei 5 filialar som er samlokalisert med skular som kombinasjonsbibliotek. Dermed får brukarane iallfall eit minimum av bibliotektenester. Og med samarbeidet i Ryfylkebiblioteket så får folk det dei måtte ønskje på sitt lokale bibliotek.

Ryfylkebiblioteket Finnøy - lovnad om ei ny framtid


Biblioteksjef Merete Meling Kindingstad
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Ein må opp om morgonen om ein skal reise i Rogaland! Kl 07.15 gjekk båten frå Stavanger til Judaberg, sentrum i Finnøy kommune.

Eg kom tidleg måndags morgon - rett føre helga hadde biblioteksjefen fått det stadfesta: Det blir nytt bibliotek på Finnøy! Formannskapet brukte hasteparagrafen og vedtok å kjøpe ein del av eit nytt bygg ved sentralskulen, der mesteparten av kjøpssummen vart finansiert ved å selje bygget biblioteket disponerer i dag.

Eit veldig godt val. I saksutgreiinga skriv rådmannen rett ut at det einaste dei kan få for bygget er tomteverdien. Det seier mykje om standarden på huset. Det er nok god sjans for at det blir rive når den nye eigaren tek over. Eg vart litt imponert då eg såg kva tilhøve biblioteket driv under i dag og kva dei får ut av det. Einaste minuset ved den nye plasseringa er at biblioteket kjem endå lenger vekk frå ferjekaia og dei som kjem med båt til Judaberg.