19. juni 2012

Ryfylkebiblioteket Sauda - frå bakgate til sentrum


Biblioteksjef Ingunn Kalvik og Ellen Thompson
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Det var eit godt val å reise inn til Sauda etter vitjinga i Suldal. Å stå opp kl 08 i staden for 06 er absolutt meir meg... Ryfylkebiblioteket Sauda var neste post på programmet. Som namnet seier: ein del av Ryfylkebiblioteket.

Sauda er ein av dei større kommunane i Rogaland arealmessig, og den nest største i Ryfylke når det gjeld folketal. Likevel er busetjingsstrukturen heilt annleis enn i naboane Suldal og Vindafjord, sidan nesten alle ibuarane bur tettstadene Sauda og Saudasjøen. Dei er igjen så nært kvarandre at dei nesten heng saman. Så der Suldal har lange fråstandar og mange skular har Sauda med sine 1000 fleire ibuarar færre skular og kortare fråstandar.


Skilting til det gamle biblioteket
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Grunnen ligg mykje i det som er hovudgrunnlaget for Sauda-samfunnet: Sauda Smelteverk. Verket starta i 1915, og la grunnen for ein valdsam ekspansjon i Sauda.Verket er eit av dei største i Europa, og har sett og set framleis preg på Sauda-samfunnet. Biblioteksjef Ingunn Kalvik tok meg med på ei lita synfaring i kommunen nært sentrum, og det var gildt å sjå kor gode dei er til å ta vare på historia si. Særleg industri- og arbeidarhistoria har fått ein viktig plass, der Ryfylkemuseet t.d. har teke over eit av arbeidarhusa for å dokumentere korleis det stod til føre krigen.

Bygget der Posten flyttar ut og biblioteket kjem inn i 1. etasje
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Ein må òg kunna seie at biblioteket byrjar å få litt historisk preg... Det ligg i 2. etasje over brannstasjonen, utan heis og har gjort det sidan 60-talet. No blir det nye tider! Posten skal flytte på seg, og kommunen har kjøpt bygget. Det blir rett og slett veldig bra. I staden for å vera i 2. etasje med inngangen vendt frå sentrum blir det nye biblioteket i 1. etasje med inngang rett frå gata rett ved sidan av kinoen og rådhuset. Det blir eit veldig flott område! Når det er sagt så må det òg seiast at på innhaldssida er Ryfylkebiblioteket eit godt bibliotek. Dei klarer absolutt å få til møteplassfunksjonen, til dømes har dei fleire vitjingar enn utlån! Dei satsar veldig på opningstider, med 10-18 måndag-fredag og 10-14 laurdag er dei veldig tilgjengelege med tanke på at dei har berre 2,4 årsverk.

Dette er ikkje det fyrste utkastet til nytt bibliotek i Sauda. Det var store planar om eit nytt kulturhus, Kulturverket, samlokalisert med symjehall og idrettshall. Då vart kostnaden for stor (bortimot 200 mill.) og prosjektet lagt vekk. No blir det iallfall nytt bibliotek, og kommunen har brukt kompetente folk til å hjelpe seg med utviklinga av arealet. Det blir både større, lysare og meir tilgjengeleg og som sagt: meir sentralt.

Som sagt: Sauda er med i Ryfylkebiblioteket, noko som gjer at dei òg ser fram mot den felles e-bokløysinga dei skal lansere. Det blir rett over sommaren så fort alle har fått opplæring i korleis dei skal hjelpe folk vidare. Ein del av omlegginga til Ryfylkebiblioteket var òg skifte av biblioteksystem. Sauda gjekk frå Bibliofil til Mikromarc 3. Det var ein tung prosess, det er ganske store skilnader mellom systema både for dei bak skranken og for publikum. Røynslene frå prosessen viser at det er utruleg viktig kva kriterium ein legg inn i anbodsprosessen. Pris er ikkje alt, både brukarvenlegheit for bibliotekarane og gode tenester for brukarane er viktige å ta med. Eg trur uansett at det er viktig å vurdere systema frå tid til annan. Ein innkjøpssjef eg jobba med før sa at alt for mange er "forelska" i leverandøren. Det gjeld nok i biblioteksektoren òg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar