18. juni 2012

Ryfylkebiblioteket Suldal - for heile kommunen


Frå venstre biblioteksjef Elfried Lunde og Eva Bendiksen
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Etter vitjinga på Finnøy var det berre å setje seg på båten att. Det er verkeleg flott å ta hurtigbåtane innover Ryfylke. Eg var rett nok heldig med vêret, men hadde det vore ruskevêr så hadde det hatt sin sjarm det òg. Trur eg...

Etter halvannan time på båten var det avstigning på Sand i Suldal for å vitje Ryfylkebiblioteket Suldal. Suldal er ein svær kommune - arealmessig. På kartet kan ein sjå at kommunen både har øyar og skjer, samstundes som det er store innlandsareal. Og det bur folk overalt, delvis med ganske lang køyretid til kommunesenteret Sand. Dette har òg fått konsekvensar for korleis kommunen tenkjer bibliotek. I tillegg til hovudbiblioteket på kulturhuset har dei 5 filialar som er samlokalisert med skular som kombinasjonsbibliotek. Dermed får brukarane iallfall eit minimum av bibliotektenester. Og med samarbeidet i Ryfylkebiblioteket så får folk det dei måtte ønskje på sitt lokale bibliotek.

Frå foajéen med kafédisk og inngang til biblioteket
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Samanliknar ein Finnøy og Suldal ser ein verkeleg skilnadene i satsing mellom kommunane. Ein kan ikkje seie anna enn at det kommunale sjølvstyret blir utnytta til fulle når ein ser at der Finnøy brukar 1,8% av totalbudsjettet på kultur brukar Suldal 6,4%. Der Finnøy brukar 227 kr per ibuar på media og løn i folkebiblioteket brukar Suldal 399 kr per ibuar. Men det skal seiast at utlånet i Suldal er lågare enn i Finnøy per ibuar - 7,3 mot 10,1. Likevel: 7,3 utlån per ibuar er òg eit veldig godt tal! Talet på vitjingar blir òg mykje høgre sidan Suldal har 33 timar ope på hovudbiblioteket mot 14 i Finnøy. Det er òg særs bra at Suldal har laurdagsope, det har mykje å seie for dropp-innom-brukarane.

Det er ingen tvil om at biblioteket tener på samlokaliseringa med kulturhuset - og vise versa. Det er høg aktivitet på kulturhuset med både kulturskule, kino, distriktsmusikarar og kafé. Eg fekk forresten prøvd middagen på kaféen. Veldig bra! Huset har òg ein stor konsertsal. Scena er stor nok til å ta imot Stavanger symfoniorkester! I tillegg er det faktisk ein bowlinghall i kjellaren. Ikkje veldig stor, men populær til tider - slikt går i bylgjer.

Eit Løland-sitat frå ferja Sand-Ropeid
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Suldal er ein viktig litteraturkommune i Rogaland. Ikkje berre har dei eit godt folkebibliotek, men dei har jobba mykje med fleire prosjekt dei siste åra. 2007-2011 jobba dei saman med Ryfylkemuseet, Rogaland fylkeskommune og fleire om Løland-markeringa. Rasmus Løland kom frå Suldal, han var ein av forfattarane i krinsen rundt Arne og Hulda Garborg og ein av dei fyrste redaktørane av Norsk barneblad. No blir forfattarskapen hans nytta som ein av grunnsteinane til oppbygginga av Nynorsk barnekultursenter ved Ryfylkemuseet. Eit siste prosjekt som kommunen har vore aktiv i men som ser ut til å måtta leggjast dødt er Diktarvegen. Gjennom målretta kombinasjon av samferdsle- og kultursatsing skulle ein utvikle riksveg 13 mellom Jæren og Sunnfjord. Her skulle satsingane rundt Arne og Hulda Garborg, Rasmus Løland, Per Sivle, Olav H. Hauge og Jakob Sande og arbeidet for gul midtstripe og rassikring styrkje kvarandre.

Etter ei særs interessant vitjing var det på tide å koma seg til Sauda. For å få reiseruta til å gå ihop desse to dagane måtte eg hoppe på ferja til Ropeid og ta bussen derifrå til Sauda på ettermiddagen for å vera klar til ny bibliotekvitjing tysdag morgon!


Forfattarsitat går igjen i heile huset.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune


Publikums-PC-ar må til, i tillegg til trådlaust nettverk.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Fin liten detalj for plassering av bøker på nedste hylla.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Siste rest av møblar frå gamlebiblioteket.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune



"Bookcrossing" frå ventrommet på Ropeid
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar