18. juni 2012

Ryfylkebiblioteket Finnøy - lovnad om ei ny framtid


Biblioteksjef Merete Meling Kindingstad
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Ein må opp om morgonen om ein skal reise i Rogaland! Kl 07.15 gjekk båten frå Stavanger til Judaberg, sentrum i Finnøy kommune.

Eg kom tidleg måndags morgon - rett føre helga hadde biblioteksjefen fått det stadfesta: Det blir nytt bibliotek på Finnøy! Formannskapet brukte hasteparagrafen og vedtok å kjøpe ein del av eit nytt bygg ved sentralskulen, der mesteparten av kjøpssummen vart finansiert ved å selje bygget biblioteket disponerer i dag.

Eit veldig godt val. I saksutgreiinga skriv rådmannen rett ut at det einaste dei kan få for bygget er tomteverdien. Det seier mykje om standarden på huset. Det er nok god sjans for at det blir rive når den nye eigaren tek over. Eg vart litt imponert då eg såg kva tilhøve biblioteket driv under i dag og kva dei får ut av det. Einaste minuset ved den nye plasseringa er at biblioteket kjem endå lenger vekk frå ferjekaia og dei som kjem med båt til Judaberg.

Inngangsområdet til Ryfylkebiblioteket Finnøy
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Finnøy er ein del av Ryfylke, den største regionen i Rogaland i areal, men av dei minste i folketal. Relativt spreidd busetnad, mange øyar og store fråstandar gjer det utfordrande å gje gode bibliotektenester. Likevel klarer dei det godt! Finnøy har fjerde høgst utlån per ibuar i Rogaland. I dag er utfordringa fyrst og fremst å ha både tid og plass til formidling utover bokhyller. Biblioteket har dårleg plass til arrangement, og med 0,75 årsverk blir det ikkje mykje ein rekk utover å halde det ope heller! Finnøy har gått gjennom store kutt på kulturfeltet, og det er tydeleg at dei prioriterer dei lovpålagde tenestene - dvs. biblioteket og kulturskulen. I sakspapiret om nybygg så legg rådmannen opp til at det nye biblioteket skal bli eit kombinasjonsbiblioteket med sentralskulen. I så fall kan det vera von om at stillinga blir oppgradert så ein iallfall har eit heilt årsverk. Såpass bør det vera i ein så stor kommune etter mi meining. Etter dei gamle retningslinjene skulle det helst vore to årsverk i ein kommune på rundt 3000 ibuarar...

Frå inngangen til barne- og ungdomsavdelinga
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Biblioteka i Ryfylke jobbar godt med samarbeid - så godt at dei no har slege seg saman til ein organisasjon: Ryfylkebiblioteket. Difor heiter det no Ryfylkebiblioteket Finnøy, Ryfylkebiblioteket Sauda osb. Dei er ei avdeling under Ryfylke IKS, og truleg eit av dei mest gjennomførde biblioteksamarbeida i Noreg. Kultursjefane i dei 6 kommunane sit i styret for avdelinga. Utgangspunktet for samarbeidet var eigentleg avgrensa til e-bøker. Med små kommunar, endå mindre bibliotek og lange fråstandar fann dei ut at det var godt grunnlag for å satse på digitalt utlån i Ryfylke. Sidan har det berre balla på seg! Som ein del av prosessen fann dei ut at dei ville slå saman biblioteksystema. Då køyrde dei eit profesjonelt anbod og enda opp med Mikromarc 3. Dermed er alle biblioteka å finne i same søket, og med hjelp av den fylkeskommunale bibliotektransporten flyt no media fritt mellom biblioteka.

Det ser ut til at Ryfylkebiblioteket Finnøy vil få eit skikkeleg løft dei neste åra!


Her kjem båten som skal ta meg vidare til Sand i Suldal inn.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar