22. mai 2012

Utsira folkebibliotek - best i Noreg


Biblioteksjef Bjørg Rasmussen.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Etter besøket i Haugesund gjekk turen ut i havet. 1 time og 10 minutt vest for Haugesund ligg Utsira, den minste kommunen både i fylket og landet med sine 213 ibuarar. Eg fekk overnatte i eit lite sjøhus ved Nordvågen og var klar for bibliotekvitjing morgonen etter.

Utsira folkebibliotek er slett ikkje det minste biblioteket i Noreg. Utsira er ein kommune som skil seg ut i nasjonal samanheng på mange måtar. Ein ser dei på toppen av nesten alle positive statistikkar og på botn i dei andre. Når det gjeld bibliotek er dei definitivt på topp. Utsira lånte ut 31,5 eksemplar per ibuar i 2011, av dei var 26,7 bøker og 4,8 andre media. Det villaste er utlånet av barnelitteratur. Per unge 0-13 år vart det lånt ut 111,8 barnebøker! Rett nok fungerer biblioteket som kombinasjonsbibliotek (sjølv om det ligg 50 m unna skulen), men det er ingen andre kombinasjonsbibliotek som er i nærleiken av noko liknande heller.

Kronprinsen var og la ned grunnsteinen på den nye skulen.
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Etter å ha sett både biblioteket og skulen og helsa på folk som jobbar der trur eg konklusjonen må vera at i eit så lite lokalsamfunn så kjenner biblioteksjefen alle og kan tilpasse både innkjøp og formidling til lokalsamfunnet. Størsteparten av tilveksten blir sjølvsagt innkjøpsordningane, men biblioteksjefen har òg eit innkjøpsbudsjett som gjer det mogleg å supplere med bøker og andre media publikum ønskjer.


Utsnitt av biblioteket
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Nokre utfordringar er det sjølvsagt på Utsira òg. Den største uroa går kan hende på kva som skjer når biblioteksjefen må slutte for aldersgrensa! Kva får den nye biblioteklova å seie dersom det blir vedteke krav om fagutdanning utan dispensasjon og dei ikkje får tak i fagutdanna biblioteksjef til ei 72% stilling? Det er eit viktig spørsmål i fleire små kommunar. Det finst fleire moglege samarbeidskonstellasjonar, men ein er sjølvsagt avhengig av at den store nabokommunen Haugesund faktisk òg er open for samarbeid. Og kva vil det koste? Reint fagleg trur eg det vil vera ein fordel om ein heilt ny person utan bibliotekbakgrunn kan få fagleg leiing frå eit større bibliotek, særleg i ein overgangsperiode dersom den nye sjefen vil ta ekstra utdanning.

Elles er det verdt å nemne at utlånet på Utsira faktisk har gått litt ned dei siste åra. Det ser ut til at breibandsutbygginga kan vera noko av grunnen, det er særleg utlån av andre media som har gått ned.

Utsira er ein flott plass å reise til. Det er korte avstandar som eignar seg særs godt for både sykkel og gange, sjølv om ein òg kan ta med seg bil om ein vil det. Gjestfridomen er òg stor, så det er fullt mogleg å finne seg ein plass å bu for kortare eller lengre tid. Kort veg til Stavanger er det òg - eg brukte ganske nøyaktig 4 timar frå avgang Utsira til eg kom til Stavanger, det var medrekna over ein time venting i Haugesund! Dette freistar til vitjing på fritida òg.

Solnedgang sett frå toppen av Utsira
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar