|
Frå venstre: biblioteksjef Hanne Mulelid, nestleiar Lillian Rushfeldt,
Ellen Dybdahl og Susann Broch Rolfsen
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Endeleg klar for nye vitjingar! To dagar på tur fører meg til Karmøy, Haugesund og Utsira. Fleire kjekke båtturar - den fyrste frå Stavanger til Kopervik og Karmøy folkebibliotek. Dette var same dagen det vart full sommar i Rogaland, så det var ein flott båttur over fjorden!
Karmøy har gode bibliotektradisjonar. Med over 40.000 ibuarar skal biblioteket nå mange brukarar. Difor er dei ein av kommunane som har satsa på godt utbygde filialar. Inntil nyleg hadde dei hovudbibliotek og 5 filialar, no har dei tre filialar (Åkrehamn, Skudeneshavn og Norheim) igjen i tillegg til hovudbiblioteket.
På denne turen rakk eg berre hovudbiblioteket. Det er plassert i same bygg som kinoen ved Festplassen i byen. Det er sentralt og fint, med utsikt utover ein liten våg. For meg som kom med båten var det ein kjekk liten spasertur, sjølv om eg måtte ha litt guiding over telefon...
|
Utstilling av nye bøker. Foto: Vidar Lund /
Rogaland fylkeskommu |
Biblioteket ber litt preg av at det ikkje er bygd som bibliotek opphavleg. Dermed har dei ein struktur som gjer det naudsynt med 4 på vakt samstundes, noko som fører til utfordringar med å få vaktplanane til å gå opp! Dei har definitivt fått mykje ut av lokala, og fått det luftig og fint, med fokus på presentasjon av både nye bøker og temautstillingar.
|
Båtar er framleis viktig i Karmøy.
Foto: Vidar Lund / Rogaland
fylkeskommune |
På desse reiserundane har eg lært at alle bibliotek har sine spesialitetar. I Karmøy vil eg seie at det mest spesielle er at trass i eit godt utbygd filialnett med eit godt transportsystem mellom filialane så har dei beinhard sentralisering av filmutlånet! Filmar har dei berre i Kopervik, og dei fjernlåner korkje ut av kommunen eller til filialane. Så om du bur 50 meter frå biblioteket i Åkrehamn eller Skudeneshavn må du framleis køyre til Kopervik om du vil låne ein film. På den andre sida - det ser ut som om det fungerer, Karmøy har 3. høgst filmutlån per ibuar i Rogaland etter Utsira og Lund! Når nesten 1/3 av totalutlånet er film så har dei openbert ei god filmsamling.
Diverre er Karmøy òg vorte utsett for nedskjeringar dei siste åra, både i personal- og mediebudsjett. Dermed blir det vanskeleg med ei skikkeleg satsing på opningstidene. Hovudbiblioteket har kveldsope berre to dagar i veka, det same som filialane. Dersom kutta på biblioteket held fram kan det sjå ut til at ein må gjera nokre val. Det er ingen tvil om at livskraftige filialar er eit gode for lokalsamfunna, særleg for ungar og andre som plagast med å koma seg til hovudbiblioteket. I Karmøy syner det seg likevel at dei har best utlånstal på det tilbodet som er mest sentralisert av alle: filmane. Dette blir fort ein "høna og egget"-diskusjon. For om dei hadde film på filialane òg så kunne kanskje bokutlånet der auka p.g.a. høgre besøk?
|
Eit kjekt samlingsareal i barneavdelinga |
|
|
|
| |
|
|
Tidsskrift må ein ha på biblioteket |
| |
|
"Crossover"-kroken |
Hei!
SvarSlettJeg får lyst til å kommentere Vidars innlegg om Karmøy folkebibliotek's håndtering av filmer, for her kommer ikke hele sannheten frem:
Karmøy har politikere som har bestemt at vi skal kutte ned på innkjøp av film. For i det hele tatt å få kjøpe inn film ble det i sin tid iverksatt overdagsleige på 10 kr per dag per film - noe som har gitt biblioteket gode inntekter, og vært med på finansieringen av innkjøp av nye filmer. I et fjernlånssystem er dette umulig å praktisere, derfor er filmer begrenset til kun hovedbiblioteket i Kopervik.
For å kjøpe inn filmer til filialene måtte vi tredoblet budsjettet, noe vi ikke har penger til. Vi kan heller ikke øke utlånet på to av filialene våre uten å øke personalressursene, noe vi heller ikke har penger til. De tre siste årene har vi hatt kutt på to filialer, 60% stilling og i år 500 000 på ekstrahjelpbudsjettet + mediebudsjettet. Karmøy folkebibliotek er skåret til randen av hva vi kan klare - særlig på personalsiden. Film på filialene er derfor uaktuelt.
Etter å ha kvittet VHS-filmene står etterhvert DVD'ene for tur, for nå er det Blu-Ray og 3D-filmer som gjelder. Film er et krevende utlånsmedium, og ikke noe satsingsområde hos oss. Vi ser dessuten at de som låner film ikke nødvendigvis låner bøker, så høna og egget-diskusjonen er ikke nødvendigvis aktuell her etter de erfaringene vi har gjort oss.
Håper dette kan være avklarende for hvorfor ikke Karmøy folkebibliotek har filmer på fjernlån!
Vi har derimot mange andre spennende aktiviteter som vi fokuserer på, både når det gjelder utadrettet virksomhet, arrangement for barn og unge, samarbeid med SILK og i det hele tatt et årshjul med stor spennvidde for alle brukergrupper!
Vi har nylig gjennomført et verdibasert målstyringsprosjekt, der vi har fått laget et strategikart med handlingsplan for biblioteket. Vi har med dette fått et godt verktøy til å måle tjenestene våre, og kvalitetssikre innholdet på det vi driver med i hverdagen.
Som det tredje største folkebiblioteket i fylket har vi store ambisjoner, og vi jobber mot disse på tross av nedskjæringer!
Hanne Mulelid
Biblioteksjef i Karmøy kommune