17. april 2012

Sokndal folkebibliotek - nye takter!


Ordførar Trond Arne Pedersen klypper snor.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Sokndal folkebibliotek har vore på legd ei stund av di skulen og biblioteket skulle renoverast. Tysdag var stunda komen for å opne biblioteket på nytt. Det er lite som er gildare for ein fylkesbiblioteksjef enn å vera med på det! Ordførar Trond Arne Pedersen var til stades og klypte snora som opna det nye biblioteket. Ordføraren er familiefar og fast brukar av biblioteket, og det var tydeleg at biblioteket er viktig for han.

Sokndal er elles ein av dei beste bibliotekkommunane i Rogaland. Dei ligg godt over snittet for både utlån og besøk og ressursbruk per ibuar, og det var openbert på opninga at folk var ivrige etter å koma igang igjen med å låne!



Ivrige lånarar klar for nye bøker!
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Det nye biblioteket er veldig lyst og oversiktleg. Dei har faktisk klart å få plass til bøkene i hyller som ikkje er meir enn 150 cm høge, noko som gjev meir oversikt og luft i rommet.

Rektor Karen Grastveit helsar ved opninga.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Biblioteket er no vorte eit kombinasjonsbibliotek, og ligg mellom barnesteget og ungdomssteget på Sokndal skole. Det gjer at det blir meir tilgjengeleg, ved at skulebiblioteket og barneavdelinga er slegne saman. Både skuleelevane og resten av bygda får betre tilbod gjennom større samling og betre opningstider. Dei har no 33,5 timar ope for publikum, noko som slett ikkje er verst i ein kommune med 3.200 ibuarar!

Rektor Karen Grastveit er veldig oppteken av lesing, og det lovar godt for framtida til biblioteket. Som i alle kombinasjonsbibliotek må dei finne ein balanse mellom skule- og folkebibliotekdelen, så dette blir nok ei utprøving dei nærmaste åra.

Til slutt: Sokndal og kollektivtrafikk. Dette er hittil den mest utfordrande reisa eg har hatt! Det gjekk greitt å koma seg dit med tog til Egersund og buss derifrå. Tilbake var verre... På kvardagar går det ikkje buss frå Hauge etter kl 15.45, korkje i retning Egersund, Stavanger eller Flekkefjord! Dermed vart det drosje til Egersund denne gongen - vonar eg slepp det på så lang strekning igjen...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar