15. mars 2012

Sola folkebibliotek - frå kulturhuset til Nordsjøen

Fire av dei tilsette på Sola. Frå venstre: konst. biblioteksjef Randi
Myklebust, Kirsti Jørgensen, Lene Høigård og Rakel Stensland.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Det blir veldig mykje buss i desse postane - eg ser det. Men det er veldig merkeleg at dersom du vil reise frå Klepp sentrum til Sola sentrum utan å ta omvegar innom Sandnes og/eller Stavanger så må du ta buss anten kl 7 eller kl 14.05... Ikkje rart at eg hadde bussen mest for meg sjølv!

No: over til bibliotek! Sola folkebibliotek er eit av biblioteka som ligg i eit kulturhus. Sola kulturhus er eit av dei største kulturhusa i regionen, med over 200.000 innom i biblioteket, på ulike arrangement og gjennom fritidsklubb og kulturskule.
Hovudbiblioteket er ikkje av dei aller nyaste i fylket, men det ser bra moderne ut. Tidlaust er kanskje ordet eg leitar etter. Diverre rakk eg ikkje ut til Tananger filial, som vart utvida litt og fornya i 2011.


Ein svær dinosaur vaktar over barneavdelinga...
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Sola har eit par spennande tenester som er unike. Det eine er avtalen med ConocoPhillips. Dei betaler litt av ei stilling på folkebiblioteket samt litt midlar til innkjøp. Sola folkebibliotek har så depot ute på Ekofisk! 7 plattformer får depot med jamne mellomrom frå biblioteket. Han som er ansvarleg no har ikkje vore der ute sjølv, men tilbakemeldingane på tenesta er særs gode.

Ein annan ting som er litt spesielt på Sola er bibliotekbussen. I staden for å køyre bøker ut til bygda så kjem bygda til biblioteket! Kvar torsdag går det buss frå Dysjaland/Håland til Sola med ungar som skal på bibliotektur. 10-15 ungar kjem kvar gong. Det kostar sjølvsagt biblioteket ein del, men er nok ein god del billigare enn å ha ein tradisjonell filial eller bokbuss.

Ungdomskroken, med både bøker, teikneseriar og blad.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Sola er ein del av Jærbiblioteka, og opplever mykje av det same som Klepp og Time: Ordninga fører til større sirkulasjon/fjernlån og meir nøgde brukarar! Både besøk og utlån aukar i Sola, særleg besøket aukar meir enn folketalsveksten - og det er sterkt i ein av kommunane i Noreg som veks mest.

Sola har òg ei utfordring når det gjeld digital formidling. Heimesidene slik dei er i dag eignar seg ikkje til slikt, og det er vel ingen tvil om at Internett er kome for å bli... Det er veldig samarbeidsånd på Jæren, og det kan sjølvsagt ein fylkesbiblioteksjef like!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar