Veveriet er den gamle fabrikken til De forenede uldvarefabrikker, no bibliotek og møtelokale. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Gjesdal folkebibliotek er eit av biblioteka i Rogaland som jobbar mest med nyskaping, vil eg påstå.
Dei har jobba mykje med biblioteksystem, ved at dei var mellom dei fyrste som gjekk over til Mikromarc 3. Dei prøvde seg på Aquabrowser då Biblioteksentralen prøvde seg med det, og no jobbar dei med litteraturformidling gjennom QR-kodar. Spennande tiltak!
Bibliotekar Bjørn Veen og biblioteksjef Ingvild Seland. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Av tiltak som er meir utetterretta må eg nemne Ungdomsboka. Dette var eigentleg ein gruppeblogg for ungdomsbibliotekarane på Jæren, men dei siste par åra er det Bjørn Veen ved Gjesdal folkebibliotek som har skrive det aller, aller meste. Han har òg vore med på turné med presentasjon av kulturfondbøker no i vinter. Det er særs bra når biblioteksjefen er med og gjev rom til slike initiativ!
Dei siste åra har Gjesdal arbeidd mykje med tilbod mot barn og unge. Dei har overteke ansvaret for skulebiblioteket på Gjesdal ungdomsskule, og jobbar med barneskulane etter tur for å hjelpe dei med å få skikkeleg gang i skulebiblioteket.
Barneavdelinga for dei minste. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Lesehjul i barneavdelinga. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Av utfordringar frametter så er digital formidling noko av det viktigaste. Gjesdal folkebibliotek er både på Facebook og Flickr, men saknar ei god heimesideløysing. Det kan absolutt vera interessant å jobbe med resten av Jæren om felles publiseringsløysingar. I tillegg ventar sjølvsagt alle på korleis det blir med desse e-bøkene...
Delar av det gamle direktørkontoret. Merk teleks-maskin til høgre... Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Element frå den gamle ullvarefabrikken er utstilt. Her fargeprøvar på alle garna dei hadde. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar