29. februar 2012

Lund folkebibliotek - frå botn til topps!

Lund folkebibliotek tidleg om morgonen.
Om ein er morgonfugl er det fullt mogleg å bu i Stavanger og jobbe på Moi i Lund. Dersom du er klar for å ta toget kl. 06.02 kvar morgon... Det er ikkje eg, men denne gongen gjekk det! Lund (flott namn på ein kommune!) ligg i Dalane, og grensar både mot Eigersund, Sokndal, Flekkefjord og Sirdal. Eigentleg veldig sentralt, sjølv om det ikkje kjennest slik ut kl 06.02 om morgonen...

Eit lite utsnitt frå barneavdelinga.
Lund folkebibliotek ligg flott til, rett ved elva som går gjennom sentrum og som har vore grunnlag for mykje industri gjennom tidene. Etter å ha vurdert mange ulike alternativ, mellom anna stasjonen, fekk biblioteket si noverande plassering i 2001. Bygget er det gamle Coop-bygget i sentrum, no gjev det plass til både biblioteket, kulturskulen og eit dagsenter for psykiatri. Dei har vore veldig gode til å finne løysingar ut frå gamle vegger og rominndelingar, men det er klart at ein kanskje ikkje ville gjort det slik om ein starta heilt frå grunnen av!

Temporær utstilling i inngangsområdet.
Frå botn til topps skreiv eg som overskrift. Ikkje utan grunn! Då dagens biblioteksjef tok til i jobben rundt midten av 80-talet så var Lund mellom dei kommunane med minst utlån i heile Rogaland. I dag er dei på topp tre-lista, med gode opningstider og greitt mediebudsjett. Det er heilt tydeleg at ei medviten satsing på bibliotek i Lund, noko både ungar og vaksne tener på.

Det kan sjå ut til at hovudutfordringa til biblioteket er å utvikle funksjonen som møteplass og plass for arrangement. Det er eit flott område ved elva med eit enormt potensial dersom kommunen eller huseigaren brukar nokre kroner på å gjera det litt trivelegare.
Biblioteksjef Unni Røst Kjørmo og avdelingsleiar Marit Welle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar