10. februar 2012

Time bibliotek, nyskapande og tradisjonelt

Eg må fyrst åtvare om at eg er dundrande ugild (inhabil) når det gjeld Time bibliotek. Eg var nemleg biblioteksjef der frå 2008 og ut 2011, og var sentral i planlegginga av det nye biblioteket som opna i oktober 2010...


Time bibliotek frå utsida ein fredags morgon kl 07.45
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Biblioteket ligg på Bryne, og dit er det veldig greitt å koma seg på toget ein tidleg fredagsmorgon. Toget rullar ut frå stasjonen kl 07.07 og er på Bryne kl 07.41. Etter at dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes opna så er toget stort sett i rute òg.

 
Avdelingsbibliotekar Sverre Engen er morgonfrisk
og jobbar med å få automatane på plass.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Då er vi allereie ved noko av det spesielle ved Time bibliotek: Eg kjem dit kl 07.44 etter 3 min. gange frå stasjonen - og så er dørene opne! Noko av det som har gjort nye Time bibliotek til ein suksess er at det er kome ein fransk kafé i huset, Garborgstova. Kaféen opnar kl 07.00, då er det mogleg å stikke innom på veg til jobb og kjøpe ein bagett og/eller ein kopp kaffi på veg til jobb. Då er biblioteket ope òg, ved at sjølve biblioteklokalet er ope og at folk kan låne sjølve på automatar. Morgontilbodet er vorte veldig populært, særleg frå 8-tida byrjar det å koma folk for å bruke studieceller, grupperom og sitjegrupper. Diverre var eg litt uheldig i og med at heile familien som driv kaféen låg i influensa, så det vart ingen bagett på meg den dagen...

Garborgstova med biblioteket si tidsskriftavdeling.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Ein kan ikkje skrive om Time bibliotek utan å nemne Garborgsenteret. Historia om Garborgsenteret starta etter Garborgåret 2001, då ein feira at det var 150 år sidan Arne Garborg vart fødd. Då vart òg idéen om eit forfattarsenter fødd, og etter ein lang og intens plasseringsdebatt enda ein opp med å samlokalisere Garborgsenteret og biblioteket. Det blir fleire fellesfunksjonar, t.d. skranke/resepsjon/butikk, kaféområde/tidsskriftavdeling og møtelokale, medan andre funksjonar blir kvar for seg. Biblioteket er kommunalt og Garborgsenteret ein del av Jærmuseet, og så må ein finne samarbeidsmodellar som fungerer i det daglege.

Det gamle biblioteket var i 2. etasje på rådhuset og på ca 630 m2. Det nye er ca 1600 m2 i eit eige hus saman med Garborgsenteret, vegg i vegg med det nye høghuset på Bryne. Dette har gjeve grunnlag for ein enorm aktivitetsauke. No er det plass til både Senioruniversitetet, skular og barnehagar på besøk og ivrige studentar i grupperom - samstundes! I det gamle biblioteket verka det som om rommet var fullt med ein barnehage på besøk...

No var eg så tidleg på besøk at det ikkje var så enormt mykje folk enno, men bileta under gjev iallfall eit lite inntrykk av korleis det nye biblioteket ser ut.


Ein del av Faktaavdelinga, lokalsamling og magasin i bakgrunnen.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


Ein del av den nye barneavdelinga, med god plass til både bøker og aktivitet.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


Fyrste del av kunstverket "Undulator" av Per Formo.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


To blide bibliotekarar i skranken, Oddny Torvanger Heggen og Sverre Engen.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


2 kommentarer:

  1. Garborgstova kan anbefales på det varmeste! :-)

    SvarSlett
  2. Så definitivt! Eg held på både lækjar og tannlækjar på Bryne, så veit eg at eg kjem meg ut av og til :-)

    SvarSlett