Tre av dei tilsette ved Eigersund folkebibliotek, frå venstre biblioteksjef Jóhanna Aðalsteinsdóttir, Anne-Kristin Nilsen og Ira Ladogianni. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Eigersund er ein av dei få kommunane som rett og slett har nedprioritert biblioteket dei siste åra. Nesten alle kommunane i Rogaland har ein folketalsvekst som gjer det vanskeleg å halde tritt budsjettmessig. Ein rasjonaliserer på den måten at ein ikkje får kompensert for folketalsveksten i stillingar og mediebudsjett. I Eigersund har det vore mykje tøffare, biblioteket har måtta tole kutt på til saman 2 årsverk gjennom nedlegging av filialane og kutt på hovudbiblioteket, og skal no drive folkebibliotek med 3,14 årsverk i ein by på 14.500 ibuarar. Samanlikna med andre kommunar av same storleik og type brukar Eigersund meir pengar på idrett og kino, mindre pengar på bibliotek og kulturskule.
Når biblioteket i tillegg skal gjeninnføre laurdagsope bibliotek utan å få kompensert i stillingsbrøkar eller ekstrahjelpbudsjett så er det ingen tvil om at bibliotektenesta i Eigersund har store utfordringar!
Frå inngangen kjem ein rett inn i tidsskriftavdelinga. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Egersund folkebibliotek ligg på kjøpesenteret Amfi Eikunda, som i utgangspunktet er ganske sentralt i Egersund (ikkje skrivefeil - kommunen heiter Eigersund, byen Egersund). Likevel ligg biblioteket ganske bortgøymt på senteret, så dei har ikkje opplevd same positive effekt som t.d. Madla bibliotek. Mykje av grunnen til det ligg nok på at dei ikkje har nok folk til å ha langope kvar kveld eller laurdagsope.
Nokre sjøfartsbilete på veggen på eit grupperom. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Så fin bibliotekbamse da!
SvarSlett