23. februar 2012

Kvitsøy folkebibliotek - ein ny giv


"Med hjartet på rette staden"-stemning på Kvitsøy.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Som namnet seier er Kvitsøy ei øy! Og i motsetnad til andre øyar i fylket er det korkje bru eller tunnell dit (sjølv om ein har stor von på Rogfast...), så då er det ut i båt tidleg om morgonen. Turen ut er veldig fin, sjølv om vi kan hende vart litt bleikare enn vanleg av bylgjer som var ekko etter uvêret natta føre...

Kvitsøy folkebibliotek har dei fått ny biblioteksjef i år. Fylkesbiblioteket kjenner litt ekstra ansvar for dei små biblioteka, særleg dei med ufaglært biblioteksjef. Kvitsøy har vore så heldige at dei har fått ein biblioteksjef i 40 % som i tillegg jobbar 60 % på Stavanger bibliotek, dermed blir det god bibliotekfagleg forankring!

Christian Nicolai Tønnessen, biblioteksjef i Kvitsøy, og
Stig Beite Løken, rådgjevar ved Rogaland fylkesbibliotek
i djup konsentrasjon over kasseringa.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Vi var to som reiste ut denne dagen, for etter å ha snakka med biblioteksjefen på førehand skjøna vi at her måtte det jobbast òg, ikkje berre pratast. Vi fekk syn for segn då vi kom inn i det fine gamle huset. Det var bøker overalt, nesten frå golv til tak. Den nye sjefen blir ikkje gjerandslaus.

Det bur litt fleire enn 500 ibuarar i Kvitsøy, og stoda på biblioteket fekk iallfall meg til å fundere på om det er rett å sende heile kulturfond-ordninga på 629 bøker til dei minste kommunane. Det blir ein veldig stor del av samlinga deira. Når dei i tillegg skal ta vare på bøkene i minst 5 år så blir det i grunnen ganske uhaldbart. Anten bør bibliotek i kommunar under 1000 ibuarar få tilbod om ei redusert ordning, eller så bør dei få redusert "hylleplikta" til to eller tre år.

Ei overfylt barneavdeling.
Foto: Rogaland fylkeskommune /
Vidar Lund

Kvitsøy er òg i tankar om ny plassering av biblioteket. Det finst planar om ny butikk på øya, og då kan det bli aktuelt med ei samlokalisering med flytting av biblioteket som konsekvens. Ulempen med det er at det er snakk om ei litt mindre sentral plassering. Føremonen er at den nye plasseringa i så fall blir nærmare skulen, og at det då blir mogleg å få eit lokale som er meir fleksibelt og tilpassa moderne bibliotekdrift.

Kvitsøy har iallfall fått ein ung og lovande biblioteksjef som det skal bli kjekt å følgje frametter!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar