2. februar 2012

Frå møteplassen Bokn til kultursenteret Tysvær folkebibliotek


Busskur på E39 ved avkøyringa til Føresvik
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Frå Føresvik i Bokn gjekk turen til Aksdal - etter å ha stått litt forhutla og venta ved eit busskur som har sett sine beste dagar...







Tysværtunet.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Når du kjem til Aksdal så kan det sjå ut som om du kjem rett til eit kjøpesenter, sidan du ser Aksdal senter frå vegen. Der er òg rutebilstasjonen. Eg hadde heldigvis snakka med biblioteksjefen på førehand, og etter å ha gått gjennom senteret så dukka Tysværtunet opp - og der ligg Tysvær folkebibliotek. Tysværtunet er eit kulturhus med kino, konsertsalar, bibliotek, idrettshall og symjeanlegg. Ved enden av plassen mellom Aksdal senter og Tysværtunet ligg Aksdal kyrkje, så rundt denne plassen kan ein seie at folk i Tysvær får dekt både fysiske og andelege behov!



Inngangen til Tysvær folkebibliotek
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Etter bussturen var det godt å koma inn i biblioteket. Det er lyst og høgt under taket på Tysvær folkebibliotek, både i rommet og i stemninga. Biblioteket har om lag 4,3 årsverk, men har nokre av dei beste opningstidene i fylket, med 49 timar i veka slår dei store kommunar som Sandnes (47 timar), Haugesund (43 timar) og Karmøy (33 timar). Det står det respekt av! Berre Stavanger og Time har meir ope.

Biblioteket har stor glede og nytte av å vera på Tysværtunet. Dei har tilgang til møtesalar, det er kafé på huset og det gir fleire kollegaer i kvardagen. Biblioteket har òg ansvar for billettsal, det var mellom anna gjennom denne resepsjonsfunksjonen at dei fekk tilført ei ekstra stilling då Tysværtunet opna.

Ein blidspent gjeng på biblioteket. Frå venstre: Hege Marie Naley Paulsen, Bjørg Rørtveit og biblioteksjef Aud Grimstveit.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


Med så mykje ope så har Tysvær òg utfordringar med å få til annan aktivitet enn den som skjer i huset, men dei er ein viktig del av Blest - litteraturfest i Tysvær. I tillegg har dei ein filial på Nedstrand i samarbeid med skulen, noko som gjer at det blir eit godt bibliotektilbod der òg.


Etter besøket i Tysvær var det rett og slett ein heilt udramatisk tur heimatt til Stavanger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar