29. februar 2012

Lund folkebibliotek - frå botn til topps!

Lund folkebibliotek tidleg om morgonen.
Om ein er morgonfugl er det fullt mogleg å bu i Stavanger og jobbe på Moi i Lund. Dersom du er klar for å ta toget kl. 06.02 kvar morgon... Det er ikkje eg, men denne gongen gjekk det! Lund (flott namn på ein kommune!) ligg i Dalane, og grensar både mot Eigersund, Sokndal, Flekkefjord og Sirdal. Eigentleg veldig sentralt, sjølv om det ikkje kjennest slik ut kl 06.02 om morgonen...

23. februar 2012

Kvitsøy folkebibliotek - ein ny giv


"Med hjartet på rette staden"-stemning på Kvitsøy.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Som namnet seier er Kvitsøy ei øy! Og i motsetnad til andre øyar i fylket er det korkje bru eller tunnell dit (sjølv om ein har stor von på Rogfast...), så då er det ut i båt tidleg om morgonen. Turen ut er veldig fin, sjølv om vi kan hende vart litt bleikare enn vanleg av bylgjer som var ekko etter uvêret natta føre...

Kvitsøy folkebibliotek har dei fått ny biblioteksjef i år. Fylkesbiblioteket kjenner litt ekstra ansvar for dei små biblioteka, særleg dei med ufaglært biblioteksjef. Kvitsøy har vore så heldige at dei har fått ein biblioteksjef i 40 % som i tillegg jobbar 60 % på Stavanger bibliotek, dermed blir det god bibliotekfagleg forankring!

22. februar 2012

Eigersund folkebibliotek - pressa i kvardagen

Ein må tidleg opp når ein skal til "okka" by på morgonen! Grunna andre møte måtte eg ta toget kl 07.07 for å nå eit besøk på Eigersund folkebibliotek. Rart å tenkje på at dette var det faste toget eg tok då eg jobba på Bryne og at det fungerte så bra...

Tre av dei tilsette ved Eigersund folkebibliotek, frå venstre
biblioteksjef Jóhanna Aðalsteinsdóttir, Anne-Kristin Nilsen og Ira Ladogianni.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Eigersund er ein av dei få kommunane som rett og slett har nedprioritert biblioteket dei siste åra. Nesten alle kommunane i Rogaland har ein folketalsvekst som gjer det vanskeleg å halde tritt budsjettmessig. Ein rasjonaliserer på den måten at ein ikkje får kompensert for folketalsveksten i stillingar og mediebudsjett. I Eigersund har det vore mykje tøffare, biblioteket har måtta tole kutt på til saman 2 årsverk gjennom nedlegging av filialane og kutt på hovudbiblioteket, og skal no drive folkebibliotek med 3,14 årsverk i ein by på 14.500 ibuarar. Samanlikna med andre kommunar av same storleik og type brukar Eigersund meir pengar på idrett og kino, mindre pengar på bibliotek og kulturskule.


10. februar 2012

Hå folkebibliotek - hjarta i kulturkommunen


Inngangspartiet til Hå folkebibliotek
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Etter ei kjapp vitjing på Time var det på tide å koma seg ut til Nærbø og Hå folkebibliotek. er ein av kommunane som verkeleg har satsa på bibliotektenestene dei siste 30 åra. Dette har bore frukter, ved at både besøk og utlån er mellom dei høgste i fylket - og truleg i landet når vi snakkar om kommunar med over 17.000 ibuarar!

Time bibliotek, nyskapande og tradisjonelt

Eg må fyrst åtvare om at eg er dundrande ugild (inhabil) når det gjeld Time bibliotek. Eg var nemleg biblioteksjef der frå 2008 og ut 2011, og var sentral i planlegginga av det nye biblioteket som opna i oktober 2010...


Time bibliotek frå utsida ein fredags morgon kl 07.45
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Biblioteket ligg på Bryne, og dit er det veldig greitt å koma seg på toget ein tidleg fredagsmorgon. Toget rullar ut frå stasjonen kl 07.07 og er på Bryne kl 07.41. Etter at dobbeltsporet mellom Stavanger og Sandnes opna så er toget stort sett i rute òg.

2. februar 2012

Frå møteplassen Bokn til kultursenteret Tysvær folkebibliotek


Busskur på E39 ved avkøyringa til Føresvik
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Frå Føresvik i Bokn gjekk turen til Aksdal - etter å ha stått litt forhutla og venta ved eit busskur som har sett sine beste dagar...







Tysværtunet.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Når du kjem til Aksdal så kan det sjå ut som om du kjem rett til eit kjøpesenter, sidan du ser Aksdal senter frå vegen. Der er òg rutebilstasjonen. Eg hadde heldigvis snakka med biblioteksjefen på førehand, og etter å ha gått gjennom senteret så dukka Tysværtunet opp - og der ligg Tysvær folkebibliotek. Tysværtunet er eit kulturhus med kino, konsertsalar, bibliotek, idrettshall og symjeanlegg. Ved enden av plassen mellom Aksdal senter og Tysværtunet ligg Aksdal kyrkje, så rundt denne plassen kan ein seie at folk i Tysvær får dekt både fysiske og andelege behov!

Tidleg start på veg til Bokn bibliotek...

Etter at eg byrja på fylkesbiblioteket har eg ikkje vorte meir morgonfugl enn før! Sidan eg bur midt i Stavanger og fleksitida seier at eg skal vera på jobb kl 9, så er det brutalt å koma seg på Kystbussen som går kl 07.15 frå Byterminalen...

Biblioteksjef Linda Ognøy tok imot meg på ferjekaia på Arsvågen. Det går nemleg ikkje buss til kommunesenteret Føresvik! Ho losa oss trygt gjennom smale vegar til vi kom til Bokn bibliotek. Bokn bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek, som både fungerer som folkebibliotek for heile kommunen og skulebibliotek for Bokn skule.

Bokn bibliotek i 1. etasje.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Bokn bibliotek er ein suksess! Biblioteket er mellom dei mest populære i heile Noreg. Med 15,77 utlån per ibuar (Noreg: 5,12) og 10,6 besøk per ibuar (Noreg: 4,4) er det berre Utsira som slår dei i heile landet. Skulen har sjølvsagt ein stor del av æra for dette, men utlånet av bøker for vaksne er òg særs høgt!

Biblioteket har lyse, trivelege lokale, og når kaffikanna står klar så er det ingen tvil om at biblioteket er ein fin møteplass på Bokn.

1. februar 2012

Ut på tur

Eg tok til som fylkesbiblioteksjef i Rogaland 1. januar i år. Det vart fort klart for meg at sjølv om eg har jobba i folkebibliotek i Rogaland dei siste fire åra, så er det mykje eg ikkje veit om biblioteka i fylket! Når me nok skal ta til med å laga ein bibliotekplan for Rogaland er det viktig å kjenna biblioteklandskapet skikkeleg, mellom anna ved å reisa rundt og sjå biblioteka og bibliotekarane på heimebane. Eg vonar dette òg kan vera ein måte du som les dette kan bli meir kjend med biblioteklandskapet i Rogaland.

Denne bloggen skal vera ei reisedagbok der eg fortløpande presenterer folkebibliotek som eg har besøkt. Målet er å koma seg til alle hovudbiblioteka i Rogaland føre 1. mai. Sidan eg ikkje har bil så blir det òg ein fin måte å prøva ut ein annan del av fylkeskommunen: kollektivtrafikken! Tog, buss og båt blir dei viktigaste transportmidla frametter.


Vis Folkebibliotek i Rogaland i eit større kart