Biblioteksjef Linda Ognøy tok imot meg på ferjekaia på Arsvågen. Det går nemleg ikkje buss til kommunesenteret Føresvik! Ho losa oss trygt gjennom smale vegar til vi kom til Bokn bibliotek. Bokn bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek, som både fungerer som folkebibliotek for heile kommunen og skulebibliotek for Bokn skule.
Bokn bibliotek i 1. etasje. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Bokn bibliotek er ein suksess! Biblioteket er mellom dei mest populære i heile Noreg. Med 15,77 utlån per ibuar (Noreg: 5,12) og 10,6 besøk per ibuar (Noreg: 4,4) er det berre Utsira som slår dei i heile landet. Skulen har sjølvsagt ein stor del av æra for dette, men utlånet av bøker for vaksne er òg særs høgt!
Biblioteket har lyse, trivelege lokale, og når kaffikanna står klar så er det ingen tvil om at biblioteket er ein fin møteplass på Bokn.
Skrankeområdet Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Bokn bibliotek er godt, men kan bli endå betre! Biblioteksjefen har spennande tankar om korleis biblioteket både kan bli betre brukt i skulen og om korleis ein kan nå betre ut og vera meir til stades for dei som ikkje kjem seg dit på eiga hand.
Frå venstre: biblioteksjef Linda Ognøy og assistent Annette Bokneberg. Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund |
Biblioteket på Bokn er en kjær plass å besøke. Jeg har selv hatt mine tre boklanseringer her. Linda tar seg tid tid til en prat selv når dagene er litt hektiske. Kaffe, drøs, litt sladder og mange innspill som varmer nå i kulda får du blant ordd og bilder.
SvarSlett