2. februar 2012

Tidleg start på veg til Bokn bibliotek...

Etter at eg byrja på fylkesbiblioteket har eg ikkje vorte meir morgonfugl enn før! Sidan eg bur midt i Stavanger og fleksitida seier at eg skal vera på jobb kl 9, så er det brutalt å koma seg på Kystbussen som går kl 07.15 frå Byterminalen...

Biblioteksjef Linda Ognøy tok imot meg på ferjekaia på Arsvågen. Det går nemleg ikkje buss til kommunesenteret Føresvik! Ho losa oss trygt gjennom smale vegar til vi kom til Bokn bibliotek. Bokn bibliotek er eit kombinasjonsbibliotek, som både fungerer som folkebibliotek for heile kommunen og skulebibliotek for Bokn skule.

Bokn bibliotek i 1. etasje.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Bokn bibliotek er ein suksess! Biblioteket er mellom dei mest populære i heile Noreg. Med 15,77 utlån per ibuar (Noreg: 5,12) og 10,6 besøk per ibuar (Noreg: 4,4) er det berre Utsira som slår dei i heile landet. Skulen har sjølvsagt ein stor del av æra for dette, men utlånet av bøker for vaksne er òg særs høgt!

Biblioteket har lyse, trivelege lokale, og når kaffikanna står klar så er det ingen tvil om at biblioteket er ein fin møteplass på Bokn.






Skrankeområdet
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Bokn er ein liten kommune, med vel 850 ibuarar. Dette gjev sjølvsagt nokre utfordringar, t.d. kor stor stilling som er i biblioteket. Biblioteket er ope for alle 13 timar i veka og i tillegg 5 timar reservert for skulen på måndagane. Med ein biblioteksjef i 62% stilling og assistent 3 timar i veka så blir det ikkje så mykje anna ein rekk enn å halda biblioteket ope.

Bokn bibliotek er godt, men kan bli endå betre! Biblioteksjefen har spennande tankar om korleis biblioteket både kan bli betre brukt i skulen og om korleis ein kan nå betre ut og vera meir til stades for dei som ikkje kjem seg dit på eiga hand.
Frå venstre: biblioteksjef Linda Ognøy og assistent Annette Bokneberg.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


1 kommentar:

  1. Biblioteket på Bokn er en kjær plass å besøke. Jeg har selv hatt mine tre boklanseringer her. Linda tar seg tid tid til en prat selv når dagene er litt hektiske. Kaffe, drøs, litt sladder og mange innspill som varmer nå i kulda får du blant ordd og bilder.

    SvarSlett