22. februar 2012

Eigersund folkebibliotek - pressa i kvardagen

Ein må tidleg opp når ein skal til "okka" by på morgonen! Grunna andre møte måtte eg ta toget kl 07.07 for å nå eit besøk på Eigersund folkebibliotek. Rart å tenkje på at dette var det faste toget eg tok då eg jobba på Bryne og at det fungerte så bra...

Tre av dei tilsette ved Eigersund folkebibliotek, frå venstre
biblioteksjef Jóhanna Aðalsteinsdóttir, Anne-Kristin Nilsen og Ira Ladogianni.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund

Eigersund er ein av dei få kommunane som rett og slett har nedprioritert biblioteket dei siste åra. Nesten alle kommunane i Rogaland har ein folketalsvekst som gjer det vanskeleg å halde tritt budsjettmessig. Ein rasjonaliserer på den måten at ein ikkje får kompensert for folketalsveksten i stillingar og mediebudsjett. I Eigersund har det vore mykje tøffare, biblioteket har måtta tole kutt på til saman 2 årsverk gjennom nedlegging av filialane og kutt på hovudbiblioteket, og skal no drive folkebibliotek med 3,14 årsverk i ein by på 14.500 ibuarar. Samanlikna med andre kommunar av same storleik og type brukar Eigersund meir pengar på idrett og kino, mindre pengar på bibliotek og kulturskule.


Når biblioteket i tillegg skal gjeninnføre laurdagsope bibliotek utan å få kompensert i stillingsbrøkar eller ekstrahjelpbudsjett så er det ingen tvil om at bibliotektenesta i Eigersund har store utfordringar!

Frå inngangen kjem ein rett inn i tidsskriftavdelinga.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Det legg heldigvis ikkje mykje dempar på entusiasmen og formidlingsgleda til dei som jobbar på biblioteket! Publikum får god sørvis av hyggelege tilsette med ein vaktplan som gjer at kapasiteten til anna enn å låne ut og levere inn blir minimal. 
Egersund folkebibliotek ligg på kjøpesenteret Amfi Eikunda, som i utgangspunktet er ganske sentralt i Egersund (ikkje skrivefeil - kommunen heiter Eigersund, byen Egersund). Likevel ligg biblioteket ganske bortgøymt på senteret, så dei har ikkje opplevd same positive effekt som t.d. Madla bibliotek. Mykje av grunnen til det ligg nok på at dei ikkje har nok folk til å ha langope kvar kveld eller laurdagsope.

Nokre sjøfartsbilete på veggen på eit grupperom.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
Det er vanskeleg å gje direkte råd om korleis Eigersund skal koma seg opp på eit betre nivå. Vedtaket om å gjeninnføre laurdagsope bibliotek tyder på at kommunestyret er klar over at biblioteket er ei av dei mest brukte og populære tenestene. Det bør vera mogleg å nytte det engasjementet til å få til ei styrking av bibliotektenesta i Eigersund slik at dei som bur i kommunen får eit tilbod på linje med resten av fylket. Sidan Eigersund fungerer som eit regionsenter i Dalane er det òg mindre naturleg for publikum å trekkje til andre kommunar for å nytte dei gode tilboda som finst frå Hå og nordover.

1 kommentar: