19. juni 2012

Vindafjord bibliotek - får mykje ut av lite


Biblioteksjef Any T. Heggebø
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
 Eg held beinhardt på kollektivtransport som framkomstmiddel. Somtid har det vore ei utfordring (å koma seg frå Hauge i Dalane etter kl 16 t.d.), somtid overraskande greitt! Vindafjord er ein kommune som ligg i utkanten av Rogaland, men likevel ganske sentralt sidan E134 går gjennom kommunen. Etter samanslåinga mellom Vindafjord og Ølen har kommunen over 8.000 ibuarar, men framleis berre 1,5 årsverk på biblioteket. Men no skal det bli nytt bygg der òg!

På Ølen Terminal vart eg godt motteken av biblioteksjef Any T. Heggebø. Ho er biblioteksjef i den kommunen som har flest ibuarar per årsverk i heile fylket! Heldigvis for kommunen og brukarane er det nokre kreative og handlekraftige damer som jobbar på biblioteket. Vindafjord bibliotek er ein av gjengangarane på listene over bibliotek som får tilskot frå Nasjonalbiblioteket og andre, og arbeider aktivt for å få aktivitet inn i biblioteket og tenester ut til brukarane. Då eg kom var det omtrent rett på ein pressekonferanse for det nyaste prosjektet: Møteplassen. Dei har fått tilskot til eit prosjekt for å gjera biblioteket til ein viktigare møteplass i kommunen. Eit av dei fyrste tiltaka blir Sjoar-akademiet, ein lokal variant av Folkeakademi-tanken, basert på lokale ressursar i lag og organisasjonar. Veldig framtidsretta tiltak.

Slike initiativ kjem til å vera veldig nyttig når biblioteket skal flyttast igjen. I gamle Ølen kommune var hovudbiblioteket i det som då var eit sentralt hus borte ved terminalen. Så måtte det flyttast og hamna på skulen, noko som truleg var rett på det tidspunktet. No treng både skulen og biblioteket meir plass, så no er det å vone at det blir ei skikkeleg satsing med nye lokale ved kulturhuset!

Biblioteksjefen ved Westcon-biblioteket
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Eit vellukka prosjekt som dei no overfører til vanleg drift er "Bok i butikk". I "gamle" Vindafjord og Ølen kommunar var det fleire filialar med avgrensa tilbod, no er det berre hovudbiblioteket att. Kommunen er veldig spreidtbygd, det er mange bygder med sentrumsfunksjonar som butikk, skule og barnehage - og dimed bør det vera bibliotektenester òg. I prosjektet fekk dei støtte frå Nasjonalbiblioteket til å prøve ut distribusjon via butikkane i dei ulike grendene. Brukarane får opplæring i å bruke MappaMi, og så tingar dei bøker og anna materiale med ut- og innllevering på sin lokale Joker-butikk eller Shell-stasjon. Prosjektet har gått så bra med auka utlån at dei endeleg har fått 20% ekstra stillingsressurs når ordninga blir sett i fast drift frå 1. august. Som ein del av prosjektet har dei òg eit arbeidsplassbibliotek på Westcon, ei hjørnesteinsverksemd i Ølensvåg. Her betaler Westcon for innkjøp av media og stiller opp med litt plass for hyller med bøker og media. Eit spennande samarbeid!

Siste filial som vart nedlagt var Sandeid filial, som var hovudbibliotek i Vindafjord føre samanslåinga med Ølen. Nedlegginga var eit reint innsparingstiltak, der Vindafjord bibliotek gjekk frå 2 årsverk til 1,44. Dermed gjekk Vindafjord kommune frå å vera verst i Rogaland når det gjeld stillingsressursar til å bli endå verre... Ein kan undrast over kvifor det er slik. Har Vindafjord ekstra dårleg råd? Er kommunen dårleg styrt? Er det kulturen i kommunen - og var det slik i båe dei gamle kommunane? Vanskeleg å seie, sjølv om KOSTRA gjev ein peikepinn på at dei brukar meir på administrasjon, skule, helse og omsorg og mindre på barnehagar og kultur enn andre - pluss at kommunen jamt over går med stort overskot på netto driftsresultat kvart år.

Eg vonar verkeleg at politikarane og ibuarane i Vindafjord er klar over kor utruleg mykje dei får ut av biblioteket allereie og kor mykje potensiale det ligg i det når dei får ei meir sentral plassering.

Artikkelen er retta 14.8. med ny nettadresse til Vindafjord bibliotek.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar