![]() |
Inngangen til biblioteket... Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Sandnes bibliotek ligg i ein av kommunane som veks mest i heile landet og er no 8. størst. Det er sjølvsagt kjekkare å vera ein kommune som får fleire ibuarar enn færre, men samstundes er det utfordrande med vokster òg. Folk må ha hus, barnehage, helsteneste og alt anna som høyrer til eit moderne lokalsamfunn. Fokuset til kommunen blir gjerne på investering og drift av slike naudsynte tenester. Samstundes ser det ut som om dei gløymer biblioteket...
![]() |
Sommarutstillinga ved skranken. Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
![]() |
Eit lite utval av bøker som skal gå til kunsten! Foto: Vidar Lund / RFK |
![]() |
Areal mellom kulturhus- skranken og bibliotektrappa. Foto: Vidar Lund / RFK |
![]() |
Trappa opp til biblioteket. Foto: Vidar Lund / RFK |
Det skal slett ikkje stå på dei som arbeider på biblioteket. Dei har no fem fokusområde for å møte utfordringane til biblioteket: Utarbeide ein bibliotekstrategi, oppgradering av biblioteksystemet, RFID-merking, kommunikasjon/marknadsføring/sørvis og mannskap/organisering. Utfordringane står bokstaveleg tala i kø, og det er absolutt vilje til å få gjort ting frå kommunen si side òg. Til dømes er det ei stor utfordring for marknadsføring/kommunikasjon rundt biblioteket at det er merkeleg bortgøymt, sjølv om det er midt i byen, rett ved Ruten og Vågen og i eit flott hus. Grunnen? Det står ikkje bibliotek på huset. Sjå biletet øvst i denne bloggposten - det er altså inngangen til biblioteket! Det skulle ein ikkje tru, og det må vera eit av dei største feilgrepa som vart gjorde ved bygginga av kulturhuset. Det er òg ei utfordring at når du kjem inn i huset må du fyrst gjennom ein stor foajé med ein skranke som ikkje har noko med biblioteket å gjera, så må du gjennom eit stort og tomt areal føre du kjem til trappa opp til 2. etasje der samlingane er. Dette er noko dei no jobbar med å få gjort noko med. Resultatet blir vonleg direkte inngang frå gata, og eit meir levande areal i 1. etasje òg.
![]() |
Sandnes er sykkelbyen, det heng igjen på biblioteket. Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Dette tyder sjølvsagt ikkje at Sandnes bibliotek er eit dårleg bibliotek. Sandnes bibliotek er eit godt bibliotek, med gode samlingar og høgt aktivitetsnivå. Dei har mange både arrangement og utstillingar for barn og vaksne. Eg trur dei gjer rett ved å satse slik dei gjer no, med spennande prosjekt som tilfører eksterne ressursar - og så får dei vonleg auka ressursar frå kommunen dersom prosjekta syner seg så vellukka at dei bør vidareførast i fast drift. Det er dei færraste kommunestyre som vil seie at "no får de 1 mill. ekstra, lukke til", sjølv om akkurat i Sandnes sitt tilfelle så hadde det kome veldig godt med... Vegen å gå er nok heller å byggje stein på stein, gjera gode ting og så utvide derifrå.
Flott og innsiktsfullt innlegg, Vidar. Takk!
SvarSlettFlott innlegg om eit av mine favorittbibliotek:-)
SvarSlett