12. juli 2012

Ryfylkebiblioteket Hjelmeland - synleg i lokalsamfunnet


Biblioteksjef Grete Haugen Sandvik
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Rogaland er eit mangfaldig fylke, det er ingen tvil om det. Turen til Hjelmeland var eit god døme på at du ikkje skal langt frå Stavanger føre du er i grøne bygder og distrikts-Noreg! Etter ferja til Tau er det godt over ein time med buss til Hjelmelandsvågen. Det var ein utruleg fin tur, med ein bussjåfør som tydelegvis likte jobben og passasjerane sine! Det er eit godt utgangspunkt i eit sørvisyrke som bussjåfør.

Biblioteket ligg i eit fint trehus i Hjelmelandsvågen
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Etter å ha reist i to timar var eg framme og vart ønskt velkomen i eit veldig triveleg bibliotek! Biblioteket ligg fint plassert i Hjelmelandsvågen, ikkje langt frå den gamle ferjekaia og kommunehuset. Ein del av kommuneadministrasjonen ligg òg i same bygg som biblioteket. Det gjer mellom anna at biblioteket får litt ekstra ressursar gjennom samarbeid med kundetorget. Det legg ganske store føringar for opningstida på biblioteket òg, ved at ein stort sett må ha ope i vanleg kontortid.

Skilt med dramatisk vestlandsvêr i bakgrunnen!
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Det var veldig kjekt å koma til biblioteket. Vêret denne dagen var ganske ustabilt, og det var tydeleg at mange nyttar biblioteket som møteplass, sjekke Internett m.m. Hjelmeland er ein stor hyttekommune, og det er tydeleg at fleire har byrja å nytte biblioteka meir på tvers av kommunar ved at dei låner ein stad og leverer ein annan. Hjelmeland bibliotek er òg eit bibliotek det faktisk er mogleg å finne fram til! Ein ting er at dei har skilt på huset, men dei har fått godt med skilting frå vegen òg, så i to-tre kryss er det klår og tydeleg merking av veg til biblioteket. Veldig bra! Merking er viktig elles òg, dei har klår og tydeleg merking av hyller og avdelingar inne. Det skal gå greitt å finne fram.

Kunst til utlån!
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Hjelmeland bibliotek driv òg med eit par originale aktivitetar som eg har sett lite av her i fylket! I og med at det ligg så nært sjøen har dei 5 fiskestenger til utlån. Det er populært for turistane, som kan få koketorsk eller makrell rett utfor den gamle ferjekaia. I tillegg driv biblioteket med kunst til utlån! Artotek-tanken har aldri slege så veldig an i Noreg, men i Hjelmeland har dei sett i gang på eigen kjøl.

Hjelmeland er ein stor kommune i areal om ikkje folketal, så biblioteket har ein filial i Årdal, ei bygd som ligg mellom Strand og Hjelmelandsvågen. Det er tronge tider i kommunen, men i staden for å leggje ned filialen har dei landa på å flytte han til Årdal skule. Det blir ei kraftig oppgradering av skulebiblioteket, det blir spennande å sjå om dei vaksne lånarane følgjer med!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar