10. juli 2012

Ryfylkebiblioteket Strand - på flyttefot?


Biblioteksjef Kathrine Vik og Svanhild Nesse
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Opp om morgonen igjen, denne gongen for å nå Tau-ferja i retning Strand. Samferdslepolitikk er kompromiss - når ferja går til Tau og ikkje Jørpeland er nok det mykje av omsyn til resten av Ryfylke. Når eg kjem til Tau er det berre å hive seg på bussen til Jørpeland, administrasjonssentrum i Strand kommune, den definitivt største kommunen i Ryfylke.

Ryfylkebiblioteket Strand er eit bibliotek som satsar på tilgjenge. I skuleåret er hovudbiblioteket ope 10-18 måndag-fredag og 10-14 laurdag, og filialen på Tau open 20 timar i veka, noko som må vera mellom dei betre opningstidene for eit bibliotek med 4 årsverk og eit gjennomsnittsutlån på 7,2 per ibuar! Tidene er nesten ikkje reduserte om sommaren heller, så dette er verkeleg eit ope bibliotek.



Ryfylkebiblioteket Strand har tydeleg skilt på veggen!
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Biblioteket ligg i Torghuset, som tidlegare var konfeksjonsfabrikk og så vart kulturhus med kino, bibliotek, kulturskule og kulturadministrasjon. Det har vore diskutert om ein skal byggje nytt kulturhus lenge, no kan det sjå ut til at det tvingar seg fram på grunn av arbeidstilhøva på huset. Kulturskulen og -administrasjonen har allereie flytta ut, og no er det snakk om at ein kanskje må finne mellombelse lokale for biblioteket ein periode. Eg vonar dei finn ei løysing som lèt samarbeidet halde fram. Til dømes så har biblioteket stor nytte av at kinosalen ligg tilgjengeleg for bruk til arrangement.

Kinosalen ligg vegg i vegg og kan nyttast av biblioteket
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Biblioteket er ein del av Ryfylkebiblioteket, og som dei andre eg har vitja: dei er strålande nøgde med løysinga så langt. Det er sjølvsagt frustrerande at e-bøkene ikkje er på plass enno, dei var jo utgangspunktet for samarbeidet. Men med samanslåing av katalog og lånarregister samstundes som fylkesbiblioteket fekk i gang transportordninga så er det vorte ein suksess. Eg vil tru at Stavanger bibliotek får langt færre fjernlånsførespurnader frå Ryfylke i år, rett og slett av di dei blir meir sjølvhjelpte internt i samarbeidet med alle 6 bibliotek samla på ein plass.

Eit utsnitt frå barneavdelinga
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Har så Ryfylkebiblioteket Strand nokre utfordringar/problem? Dei får ei utfordring om dei blir nøydde til å flytte til mellombelse lokale medan dei ventar på nytt kulturhus. Det vil seie at dei i så fall må flytte to gonger. Dei har òg ei utfordring med å kombinere dei veldig gode opningstidene med auka satsing på arrangement og tiltak utanfor huset. No ser det ut til at dei kan utnytte samarbeidet i Ryfylkebiblioteket i den retning òg, ved at dei samarbeider om formidlingsprosjekt, søkjer om midlar saman og styrkjer kvarandre på den måten. Veldig spennande!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar