10. juli 2012

Ryfylkebiblioteket Forsand - motoren i samarbeidet

Biblioteksjef Nina Olaussen
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune
Det er ikkje alltid så enkelt å reise kollektivt - særleg ikkje midt på dagen. Ryfylkebiblioteket Forsand er ikkje den enklaste plassen å koma seg til eller frå. Denne gongen ordna det seg ved haiking! Biblioteksjef Nina Olaussen inviterte både Kathrine Vik frå Strand og meg til lunsj og eit møte om e-bøker, og dermed vart det plass til meg hjå Kathrine.

Eg trur ikkje eg tek munnen for full om eg seier at biblioteksjefen i Forsand skal ha mykje av æra for at Ryfylkebiblioteket er vorten realisert. Frå å vera eit reint digitalt prosjekt med fokus på digitale tekstar til distrikta er det vorte noko mykje meir. Det trur eg alle er nøgde med, iallfall når det har vist seg at e-bøkene har vorte det vanskelegaste å få til.

Forsand har vore drivkrafta i Ryfylkebiblioteket heile vegen, heilt frå planlegginga starta til i dag. Både biblioteksjefen og kulturleiaren har vore aktive, og det trur eg har vore ein stor styrke for prosjektet. Dette kan vera eit prov på at det ikkje alltid er storleiken det kjem an på. Entusiasme, innsatsvilje og trua på at "fred er ei det beste men at man noget vil" er vel så viktig!


Biblioteket ligg på Forsand kulturhus
Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune

Ryfylkebiblioteket Forsand er, som i fleire av dei små kommunane, eit kombinasjonsbibliotek med Forsand skule. Kombinasjonsbibliotek har både gode og mindre gode sider. Det gode er sjølvsagt at skuleungane får tilgang til både ei betre samling og kvalifisert personale. Det eg har sett så langt er at skulane ikkje er så gode til å trekkje biblioteket inn i undervisninga utover dei faste lesestundene og bibliotekbesøka. Det er mykje informasjonskompetanse som ikkje blir utnytta her. Kan hende eit nettverk for kombinasjonsbibliotek kunne vore eit verkemiddel for å auke kompetansen både for skular og bibliotekarar? Eg trur òg det kunne vore lurt om bibliotekarar ved kombinasjonsbibliotek fekk tilbod om vidareutdanning ved Universitetet i Agder for å styrkje den pedagogiske sida av arbeidet.

Den siste timen av vitjinga mi på Forsand var biblioteket ope, det var veldig kjekt å sjå at det stadig var folk innom og såg og spurde etter ting. Utlånstala ligg jamt høgt, ikkje berre for skuleungar men for vaksenlitteratur òg.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar