![]() |
Biblioteksjef Bjørg Rasmussen. Foto: Vidar Lund / Rogaland fylkeskommune |
Utsira folkebibliotek er slett ikkje det minste biblioteket i Noreg. Utsira er ein kommune som skil seg ut i nasjonal samanheng på mange måtar. Ein ser dei på toppen av nesten alle positive statistikkar og på botn i dei andre. Når det gjeld bibliotek er dei definitivt på topp. Utsira lånte ut 31,5 eksemplar per ibuar i 2011, av dei var 26,7 bøker og 4,8 andre media. Det villaste er utlånet av barnelitteratur. Per unge 0-13 år vart det lånt ut 111,8 barnebøker! Rett nok fungerer biblioteket som kombinasjonsbibliotek (sjølv om det ligg 50 m unna skulen), men det er ingen andre kombinasjonsbibliotek som er i nærleiken av noko liknande heller.