10. februar 2012

Hå folkebibliotek - hjarta i kulturkommunen


Inngangspartiet til Hå folkebibliotek
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Etter ei kjapp vitjing på Time var det på tide å koma seg ut til Nærbø og Hå folkebibliotek. er ein av kommunane som verkeleg har satsa på bibliotektenestene dei siste 30 åra. Dette har bore frukter, ved at både besøk og utlån er mellom dei høgste i fylket - og truleg i landet når vi snakkar om kommunar med over 17.000 ibuarar!


Illustrasjon frå "Garmanns hemmelighet"
av Stian Hole som utsmykking i barneavdelinga.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Hovudbiblioteket ligg på Nærbø, litt for seg sjølv ved ringvegen rundt stasjonsbyen. Huset vart bygd for å vera bibliotek, og dei flytta inn i 1989. Hå har alltid vorte trekt fram som eit føredøme for andre, både når det galdt utvikling av tenester (mellom dei fyrste med video), store, populære filialar og eit godt og sterkt samarbeid med skulane. Til dømes har Hå folkebibliotek ansvar for innkjøp både til skulebiblioteka og barnehagane i kommunen. Dette er med på å gje ungane i kommunen eit framifrå bibliotektilbod med lesestimulering frå vogge til iallfall ut ungdomsskulen. Og når dei vidaregåande skulane i fylket, både dei offentlege og private, har gode bibliotek så er grunnlaget lagt for at håbuene skal bli gode lesarar!

Hå er som sagt mellom dei få kommunane som har satsa sterkt på filialane. Hå er ein kommune med mange sterke tettstader/bygdesentrum, slik at det er naturleg med bibliotek på stasjonsbyane Varhaug, Vigrestad og Ogna i tillegg til ei barneavdeling på Høyland. Alle filialane ligg på skular, og bortsett frå Høyland har alle ganske gode opningstider som gjer dei tilgjengelege for folk flest utanfor skuletida òg. I tillegg har Hå ei avdeling som ikkje er for folk flest: fengselsbiblioteket på Åna!


Ein del av barneavdelinga. Her kan dei
rydde plass til barnearrangement.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund
 Hå var ganske tidstypisk då det opna, med litt grønne fargar og innslag av pastell. Med fastmonterte trehyller blir lokalet ikkje så fleksibelt som ein gjerne ønskjer i dag, men med hardt arbeid og godvilje fekk dei inn 120-130 menneske på føredrag med Kjell Arild Pollestad!

Det er spennande tider i vente for bibliotekbrukarane i Hå òg. I førre kommunestyreperiode vart det gjort vedtak som gjer det aktuelt med nytt hovudbibliotek på den gamle meieritomta. I så fall blir det truleg i samarbeid med fleire kommunale institusjonar, Hå kulturtorg (inkl. kulturskulen) og Hå opplæringssenter (med t.d. introduksjonsprogram for innvandrarar). Eg har inntrykk av at det er litt spenning om kva som skjer. Det er Tine som eig meieritomta, og det er alltid komplisert når det offentlege skal kjøpe eller byggje i samarbeid med private.

Når ein snakkar med tilsette i folkebiblioteka, noko eg gjer mykje for tida, er det mykje fokus på eitt tema: e-lån og e-bøker. Slik var det på Hå òg. Kva gjer fylkesbiblioteket, kva gjer Nasjonalbiblioteket? Akkurat no er det vanskeleg å gje veldig tydelege svar, men det er ingen tvil om at det må koma nokre avklaringar snøgt. Når e-bøkene kjem for fullt må biblioteka vera på plass.


Illustrasjon frå "Garmanns hemmelighet"
av Stian Hole som utsmykking i barneavdelinga.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


Utstilling inspirert av kulturfond-kurset bibliotekarane
deltok på nokre dagar føre.
Foto: Rogaland fylkeskommune / Vidar Lund


Nokre av dei tilsette på biblioteket - frå venstre: Merete Kvalbein Friestad, Ragnhild Eriksen Vaaland,
Siri Tjelta Bjerga og Anita Njølstad Høyland.


1 kommentar: