1. februar 2012

Ut på tur

Eg tok til som fylkesbiblioteksjef i Rogaland 1. januar i år. Det vart fort klart for meg at sjølv om eg har jobba i folkebibliotek i Rogaland dei siste fire åra, så er det mykje eg ikkje veit om biblioteka i fylket! Når me nok skal ta til med å laga ein bibliotekplan for Rogaland er det viktig å kjenna biblioteklandskapet skikkeleg, mellom anna ved å reisa rundt og sjå biblioteka og bibliotekarane på heimebane. Eg vonar dette òg kan vera ein måte du som les dette kan bli meir kjend med biblioteklandskapet i Rogaland.

Denne bloggen skal vera ei reisedagbok der eg fortløpande presenterer folkebibliotek som eg har besøkt. Målet er å koma seg til alle hovudbiblioteka i Rogaland føre 1. mai. Sidan eg ikkje har bil så blir det òg ein fin måte å prøva ut ein annan del av fylkeskommunen: kollektivtrafikken! Tog, buss og båt blir dei viktigaste transportmidla frametter.


Vis Folkebibliotek i Rogaland i eit større kart

4 kommentarer:

  1. Takk og takk :-) Fyrste visitt unnagjort!

    SvarSlett
  2. Kult! Håper du også tar turen innom oss på Madla bibliotek!

    SvarSlett
  3. Kanskje ikkje som ein del av dette konseptet (det blir travelt nok å få til alle hovudbiblioteka føre 1. mai) men eg må absolutt koma meg til Madla snart. Har de gått vidare med kategorisering?

    SvarSlett